Folkemusikk logo
Logo

Tradisjon og fryktlaus nyskaping på ny Gangar-plate

I dag kjem Dreng, det andre albumet frå det Oslo-baserte bandet Gangar. Etter ein lengre arbeidsprosess i studio har bandet utvikla nytt materiale og samarbeidd med ei rekkje gjesteartistar. Dei ser no fram til å overføre musikken til konsertscena.

Folkrockbandet Gangar er no ute med plata Dreng. Foto: Anine Desire

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Gangar har brukt om lag tre år på arbeidet med Dreng, oppfølgjaren til debutplata Stubb. Innspelinga er gjort i Kapsel Studio i Oslo, med Håkon Iversen som produsent og Simon Jackman som teknikar. Martin Selen har miksa plata, medan Morgan Nicolaysen har stått for mastering.

– Prosessen med denne plata har vore heilt motsett av debutalbumet vårt. På Stubb prøvde vi å gjere om live-arrangement til studiomusikk, medan vi på Dreng har nytta oss av alle moglegheitene som studioet kunne tilby. Utfordringa vår blir no å overføre studiomusikken til scena. Det er ei utfordring som vi gler oss veldig til å ta, fortel bandet i ei pressemelding.

Foto: Anine Desire

Gjesteartistar og repertoar

På albumet medverkar fleire gjesteartistar. Bare Egil, Tuva Syvertsen, Synnøve Brøndbo Plassen og Martin Steinum Brun bidreg med vokal. I tillegg deltek Karl Seglem på bukkehorn, Ingrid Lingaas Fossum på langeleik og Erlend Viken på oktavfele.

 Repertoaret på Dreng omfattar både tradisjonelt materiale og nye uttrykk. Her finn ein mellom anna arrangement av «Eg er liten», «Stabb marsj» og «Murukleiven II», samt versjonar av «Skomakerhallingen» og «Vossavalsen».

Andre spor, som «Bom Bom» og «Marta Johannes», peikar i meir eksperimentelle retningar.

Bandet seier sjølv:

– Vi veit framleis ikkje kva riff på plata som er kulast, det er om lag 20 å velje mellom …

– Har stolt på eigne instinkt

Felespelar Mattias Truell Thedens trekkjer fram arbeidsprosessen med materialet:

– Eg er utruleg stolt av dette prosjektet. Vi har lagt ned mykje tid og krefter i dette albumet, og det er ei god kjensle når resultatet speglar den innsatsen. Idéane våre er jo heilt sinnssjuke, men vi har stolt på instinkta våre gjennom heile prosessen, og har gjort desse idéane om til musikk. Dette albumet tøyer folkemusikken sine grenser på måtar som vi aldri har høyrt før. Det er litt kult då!

Foto: Anine Desire.

Gangar vart etablert i 2021 og består av Mattias Truell Thedens (hardingfele), Oskar Goedvriend Lindberget (saksofon), Richard Max (gitar), Jonas Thrana Jensen (bass) og Henrik Dullum (trommer).

Bandet har sidan oppstarten spelt konsertar i fleire land og vore innom festivalar som Rudolstadt Festival, Sziget Festival, Celtic Connections og Port Fairy Folk Festival.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024