
Ei heil helg med konsertar, dans, kurs og formidling ventar når det blir mini-folkemusikkfestival i Fosnavåg 17.–19. april.

Kristina Farstad Bjørdal og Jorun Marie Kvernberg er to av mange artistar som blir å høyre på Fosnavåg i helga. Foto: Mini-folkemusikkfestival i Fosnavåg.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Det er Fosnavåg konserthus og Spelemannslaget Havella som står bak satsinga, som samlar både profesjonelle utøvarar og lokale krefter til ei tettpakka festivalhelg.
– Vi ønskjer å vise fram breidda i folkemusikken slik han står i dag, og samstundes skape ein møteplass på tvers av generasjonar og nivå, heiter det frå arrangørane.
Festivalen byr på tre hovudkonsertar i konserthuset, men programmet strekkjer seg langt utover dette. Publikum kan få med seg alt frå spelekurs og dansekurs til folkeeventyrstund, kinovisning og familiearrangement.
Fredagskvelden opnar med eit felles «avspel» der mellom andre Erlend Viken Trio, Spelemannslaget Havella og «Birdie Pirat» (Bjørn Tore Øvrelid) medverkar. Deretter følgjer konsert med Erlend Viken Trio.

Madam Jam held både kurs og konsert i Fosnavåg i helga. Foto: Mini-folkemusikkfestival i Fosnavåg.
Laurdag blir det både kurs og konsertar. Gruppa Madam Jam held spelekurs på føremiddagen og står for dansekveld og konsert seinare på kvelden. I tillegg blir det gratis dansekurs for unge vaksne.
Eit anna høgdepunkt er konserten med Jorun Marie Kvernberg og Kristina Farstad Bjørdal. Under tittelen «Frå gamaldans til kunstmusikk» utforskar duoen samspelet mellom folkemusikk og kunstmusikk.
Festivalen legg òg vekt på å nå ut breitt. Laurdag blir det konsertar både ved Herøy omsorgssenter og Eggesbøtun, i tillegg til utespeling i sentrum og levande folkemusikk på puben.
Søndag blir festivalen runda av med familiearrangement på Runde Miljøsenter.
– Dette skal vere ei helg der profesjonelle og lokale musikarar møtest, og der publikum i alle aldrar kan oppleve og delta i folkemusikken, heiter det frå arrangørane.
Fredag 17. april
Laurdag 18. april
Søndag 19. april
Billettar finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Følg med på Facebook her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
