
4,7 millionar kroner frå A.P. Møller Fonden skal dokumentere og bevare 250 danske folkedansar i eit nytt digitalt prosjekt.

Danskane tar grep for å sikre folkedanstradisjonane sine. Foto: Ard Jongsma.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Dansk folkedans står i fare for å forsvinne dersom ikkje kunnskapen blir teken vare på i tide. No får foreininga Folkedans for Fremtiden eit kraftig løft til arbeidet sitt: A.P. Møller Fonden har løyvd 4,7 millionar kroner til prosjektet Folkedans Online, ei omfattande digital satsing som skal sikre at den tradisjonelle folkedansen blir dokumentert, formidla og gjort tilgjengeleg for komande generasjonar.
Sjå meir frå det danske folkedansmiljøet her (ekstern lenkje):
Danmark har ei rik og mangfaldig folkedanstradisjon, men mykje av kunnskapen om dei historiske dansane finst i dag berre i skriftlege kjelder – eller i minnet til dei siste tradisjonsberarane som framleis meistrar dansane. Når desse miljøa blir mindre, aukar risikoen for at verdifull kulturarv går tapt.
– Utan levande dokumentasjon risikerer vi at store delar av denne tradisjonen forsvinn i takt med generasjonsskiftet, seier initiativtakarane bak prosjektet.

I dag er mykje av kunnskapen om dansk folkedans i skriftlege kjelder, men det finst enno gode tradisjonsberarar. Foto: Ard Jongsma.
Gjennom Folkedans Online skal 250 utvalde danske folkedansar dokumenterast profesjonelt og samlast på ei ny digital plattform. Plattformen vil innehalde søkefunksjon, historisk bakgrunn og systematisk registrering av materialet.
Totalt skal det produserast rundt 2.000 videoar som viser alt frå gjennomgang og instruksjon til komplette danseforløp. Materialet skal vere nyttig både for nybyrjarar, instruktørar og erfarne dansarar.
Prosjektet kjem i ei tid der interessa for folkedans og folkemusikk igjen er i vekst, særleg blant skular, frivillige lag og yngre kulturmiljø.
Sjå meir om prosjektet i desse to videoane:
Line fortæller om projektet | Videos & Movies on Vimeo Lenke til et annet nettsted.
Henrik fortæller om projektet | Videos & Movies on Vimeo Lenke til et annet nettsted.
Line Gessø Hansen, forperson i Folkedans for Fremtiden, understrekar betydinga av satsinga:
– Vi står med ein unik kulturarv som kan bli vanskeleg å føre vidare dersom han ikkje blir dokumentert i eit format som gir meining i vår tid. Støtta frå A.P. Møller Fonden gjer oss i stand til å sikre dansane for framtida – og samstundes gjere dei tilgjengelege for alle.
I tillegg til den digitale plattforma omfattar prosjektet utvikling av undervisningsmateriale, gjennomføring av workshopar og ein landsdekkjande lanseringsfestival i 2029.
Den digitale plattforma er planlagt lansert mot slutten av 2026. Prosjektet går fram til april 2029 og blir gjennomført i samarbeid med Det Kongelige Bibliotek, som vil arkivere materialet for å sikre langsiktig bevaring av dokumentasjonen.
Sist oppdatert
