Folkemusikk logo
Logo

Skal jobbe med podkast og vidaregåandeopplegg hos SFF

Norsk senter for folkemusikk og folkedans (SFF) har engasjert Gunnhild Sundli for å jobbe med podkast og vidareføre arbeidet med undervisingspakker i folkemusikk og folkedans for musikk, dans og drama-linjene på vidaregåande.

Foto: Ole Ekker

Gunnhild Sundli skal er engasjert av Norsk senter for folkemusikk og folkedans ut året. Foto: Ole Ekker

Tekst: Johanne Flottorp

Gunnhild Sundli er engasjert av SFF ut året for å arbeide med formidling av folkemusikk og folkedans. Hovudoppgåvene hennar blir å lage podkast, og å koordinere undervisingspakker som kan brukast i den vidaregåande skulen, på musikk, dans og drama.

No har ho akkurat starta arbeidet, men ho byggjer vidare på tankar som er gjort frå før.

Podkasten skal ifølgje senteret vere ein fagleg podkast med mål om å røre alle som har eller kan få ein relasjon til tradisjonsmusikk, joik og tradisjonsdans. Ønsket er at den skal gje kunnskap om og kjennskap til tradisjonane, og gjere terskelen lågare for å ta steget ut for å oppsøke den levande utøvinga.

– Eg håper vi klarer å fange dei som er interesserte frå før, men også naboen min som ikkje har noko forhold til folkemusikk og folkedans. Det handlar om eksistensen vår. Kven vi er, kvifor vi er dei vi er. Og om ein ikkje har noko forhold til folkemusikk – er det eit sakn, spør Sundli.

Ho har mange idear på blokka, og skal saman med fleire fagpersonar stake ut kursen for podkasten, der ho skal fungere som programleiar.

Ho håper dei første episodane vil kome ut før engasjementet hennar er ferdig i desember.

Inn i VGS

Ein anna viktig del av jobben hennar, er å vidareføre eit prosjekt som har blitt prøvd ut ved musikk, dans og drama-linjene på vidaregåande i Trøndelag. Målet er at det skal bli laga undervisingspakker i folkemusikk og folkedans som kan bli tilbudt denne studieretninga i heile landet.

– Kravet til kompetanse om folkemusikk og folkedans på musikk, dans og drama har blitt større, og så er det nok ikkje slik at alle lærarane har den kompetansen som trengst. Difor ønsker SFF å vere ein ressurs dei kan nytte, seier Sundli og legg til:

– Det er jo ein del av mandatet, at folkemusikken skal spreiast ut, og treffe ungdommar som er interesserte. Det er midt i blinken.

Undervisingspakkene for vidargåande skal knytte til seg personar frå miljøet som kan kome inn utanfrå og vere på vidaregåande nokre økter.

Senteret skriv i ei pressemelding at målet er å gjere opplegga fleksible, relevante og lokalt tilpassa. Det skal leggast til rette for fagleg sterke møte mellom levande tradisjonar, skule og tradisjonsberarar.

Allsidig yrkesbakgrunn

I Trøndelag har Ingrid Storlimo vore ein viktig person i dette arbeidet, og erfaringane ho har gjort seg blir viktig for Sundli vidare.

– Eg skal høyre om erfaringane som er gjort her, og så blir jobben vidare mellom anna å knytte til oss fleire som kan undervise. Vi skal lage ein bank av folk som har lyst til det, slik at om ein skule i Stavanger-området har behov for opplegg, så veit vi kven som er i nærheita, fortel ho.

– Vi er svært glade for å få Gunnhild Sundli med på laget. Ho kombinerer faginteresse og kompetanse med evne til å skape tillit, rom for dialog og engasjerande formidling, seier leiar for forsking, formidling og utvikling ved SFF, Tone Erlien Myrvold, i ei pressemelding.

Dei fleste kjenner nok Gunnhild Sundli best som frontfigur i bandet Gåte, men ho har også ein anna bakgrunn med seg frå yrkeslivet. Ho har ein bachelor i rådgjeving og vaksnes læring, og har jobba nokre år som rettleiar i NAV.

– Det er nok ein del av meg ikkje så mange kjenner til. I dette prosjektet møtast bakgrunnen min i folkemusikk og som utøvar med den administrative delen av meg. Det er jo også mykje prosjektleiaransvar i Gåte som eg får god nytte av her. Så det passar meg godt å få fridomen, men også ansvaret som ligg i ein jobb som denne, seier ho.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024