
Så svara Brita Bratland brorson sin Sondre, ein gong dei var i fjellet og gutungen lura på kvar dei var. Utsegna passar også i vår samanheng, når me no er halvvegs i denne styrebolken.
.jpg)
Kristian Hanto er halvvegs inne i sin fyrste periode som styreleiar i FolkOrg. Foto: Thor Hauknes.
Ytring av styreleiar i FolkOrg Kristian Ihle Hanto.
Dette er prologen til årsmeldinga som du finn i sin heilskap her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Kvar er me, og kvar har me fare? Det skal denne årsmeldinga fortelje noko om. Og så skal ho, saman med 2026-årsmeldinga, gje landsmøtet 2027 eit grunnlag for å peike ut vegen vidare.
Les derfor denne meldinga nøye. Den skal fortelje om korleis styret har følgd planane og bruka dei avsette pengane som landsmøtet har gjort vedtak om. Planar og budsjett er ikkje eksakte storleikar, og ting dukkar opp undervegs. Men i det store og heile skal retninga og områda landsmøtet har peika ut følgjast.
Styret skal skjøtte og støtte ein grunnorganisasjon som blir driven av medlemar på fritid, og medlemar i eit yrkesaktivt felt der våre søner og døtrer prøvar å leva av folkemusikk og folkedans.
Dette skjer ikkje utan at somme i fritidsdelen av organisasjonen vår kjenner på ein avstand og ei lita framandgjering andsynes dei profesjonaliserte sceneuttrykka som veks fram. Men det var Landslaget for spelemenn, Norsk folkemusikk- og danselag og FolkOrg som gjekk i bresjen for å få til folkemusikkutdanningar på høgskule- og universitetsnivå. Resultatet har vore kull på kull av kreativ ungdom som nyttar spel- og dansegleda i skaping av nye folkemusikalske sceneuttrykk.
Dette skal FolkOrg applaudere. Så må også respekten for grunnfjellet og det folkemusikalske kjeldevatnet bli halden i hevd hos yrkesutøvarane, og respekten for det solistiske uttrykket. Styret vil gjere sitt beste for at balansen mellom fritidsutøvarane og fulltids-/deltidsutøvarane våre blir betre, og at forståinga for kvarandre og heilskapen i føremålet for FolkOrg blir endå betre.
Så skuldar me Barne- ungdoms- og familiedirektoratet ei orsaking for at me har forsømt dei så alt for lenge. Men i 2025 fekk me etter søknad eit oppstarttilskot for barne- og ungdomsarbeidet vårt som me eigentleg skulle ha søkt om for lenge sidan. Her fortener vår daglege leiar ein særleg takk for å ha sparka prosessen i gang, og for eit godt resultat. Med økonomi til å halde oss med ein eigen barne- og ungdomsansvarleg på kontoret har me også vore betre i stand til å følgje opp det viktige arbeidet med våre yngre på ein meir systematisk måte.
Styret er også nøgd med å ha fått inn eit tillegg på 1 million kroner i grunnløyvinga frå staten i meldingsåret, etter å ha arbeidd mot dette målet i to år. Dette gjer oss i stand til å sette inn fleire krefter for å yte endå meir støtte og hjelp til landskappleik- og landsfestivaltilskiparane våre. Dette var og er ei stor oppmuntring, – og takk og ære til alle gode hjelparar som var med og fekk til dette merkbare økonomiske løftet saman med oss.
Så – les nøye. Sjølv om denne meldinga blir godkjent av styret på vegner av landsmøtet, er det viktig at ho blir kommentert saman med neste års melding når me møtest att i 2027.
Med beste helsing Kristian Hanto
Styreleiar i FolkOrg
Sist oppdatert
