
Søndag speler Erik Sollid og resten av Valkyrien Allstars to utselte konsertar i Operaen. Men ei av dei sterkaste folkemusikkopplevingane til Erik kom frå eit noko mindre lokale, nemleg internatet på Raulandsakademiet.
%20IMG_2983.jpeg)
Erik Sollid. Foto: Privat
Tekst: Johanne Flottorp
– Me var ikkje sikre på om me skulle tørre å legge ut billettar til konsert nummer to, men ettersom den første solgte såpass fort, tok me sjansen. Me angrar ikkje på det nå. Når me først er der ein dag, kostar det oss ikkje så mykje å gjere to på rappen, seier Erik Sollid. Søndag formiddag troppar han opp i Operaen saman bandkollegaene i Valkyrien Allstars, pluss nokre gjester. Det blir ein lang dag, med konsertar både klokka 17 og 20.
Operaen rommar 1400 publikummarar, noko som betyr at det til saman er 2800 folk som skal sjå og høyre Valkyrien Allstars denne kvelden. Bandet har opparbeidd seg eit solid publikum gjennom ei lang karriere, men dei siste åra har det likevel skjedd noko spesielt.
– Me er så heldige at me etter alle desse åra har fått masse nytt publikum. Det er me stolte og glade for. Det er mange faktorar som speler inn, og musikken vår forandra seg littegrann, heldigvis, med tida, men me har vel truffe eitt eller anna. Og det er bra for framtida vår at me kan ha eit tilsig av ungt publikum. Då kan me halde på lenge, seier han.
I haust spelte bandet på Sentrum scene i Oslo, som til no har vore den største konserten deira. Men to gonger utselt Opera er endå eit hakk opp. Korleis førebur ein seg til ein slik konsert?
– Eg prøver å tenkje på det som ein vanleg konsert. Me har litt sånn halvvegs erfaring med å plutsleg skulle slå på stortromma og gjere masse ekstra greier. Det blir ikkje nødvendigvis betre av det. Det me er gode på, er det har gjort mange gonger. Men det er likevel litt ekstra nå, med masse organisering og planlegging, seier han.
Han fortel at Hekate skal vere med på nokre låtar, og det samme skal keyboardist Håvard Aufles. Både Hekate og Aufles bidreg på den siste plata, så på desse konsertane får publikum oppleve platebesetninga live.
I tillegg skal både Hekate og Ævestaden ha kvar sin oppvarmingskonsert før dei to konsertane.
– Det blir jo litt ekstra likevel, men i utgangspunktet blir det som ein vanlig valkyrienkonsert der me klumper oss saman på midten og prøver å spele så fint som mogleg, seier Erik.

Valkyrien Allstars på Folkelarm i 2019. Foto: Knut Utler
Namn: Erik Sollid
Fødd: 1984
Kjem frå: Bærum
Bur i: Oslo
Yrke: Musiker
Kvifor spelar du?
Det er strengt tatt det einaste eg kan. Eg har ikkje noko anna yrkesfagleg kompetanse, som det heiter så fint. Og så klart fordi eg elskar det, då. Eg føler meg tryggare når eg skal spele for folk enn snakke til dei, eg har meir sjølvtillit på det. Det er eit bra språk å kunne.
Kva var den siste konserten du var på som publikummar?
Det hugser eg ikkje, og det seier litt. Eg er så mykje borte elles, og med familie og sånn er det litt ting som må ofrast, blant anna å vere på konsertar. Når ein er på festivalar, får ein høyre litt av nokon. Men det er lenge sidan eg har kjøpt billett til ein konsert og gått og gleda meg til den.
Viss du bare kunne høyrd på ei plate resten av livet – kva for ei hadde det vore?
Eit heilt umogleg spørsmål. Men eg seier Abbey Road med The Beatles. Eg er veldig glad i den plata, og det var faktisk den første CD-en eg kjøpte. Me hadde den på kassett heime, og då eg fekk eit gavekort kjøpte eg den på CD. Så då kan jo det bli den første og den siste. Men det er mykje anna såklart, og eg hadde heller valt fela og berre spelt resten av livet enn å berre høyrt på Abbey Road resten av livet.
Nemn ei av dei største folkemusikkopplevingane du har hatt.
Det sette veldig spor første gong eg var på Vinterkappleiken på Rauland og opplevde megabuskspel på internatet der. Då var eg nok 17 år. Det var bare heile festen og at ein kunne gå frå rom til rom og kome inn i ein ny slått. Eg hadde ikkje opplevd liknande før.
Kva er spådommen din for folkemusikken og folkedansen om 20 år?
Den er i alle fall ikkje utdødd, for å seie det sånn. Nå for tida kjennest det ikkje som at me er på ein bølgjetopp, folkemusikken og folkedansen er fortsatt på veg oppover og blir meir og meir synleg, og det er mange fleire som byrjer å få eit forhold til det. Det er eit veldig bra utgangspunkt for framtida. Så spådommen min er at det er ganske likt som i dag. Nå er det brei aksept, og det er så mange forskjellige strømningar og mykje forskjellig som skjer, samstundes med at tradisjonsspelet er heilt på høgda og levande det også. Men eg håper at fleire gutar byrjer å spele hardingfele, så den balansen jamner seg ut. Ikkje at eg ser på det som eit veldig stort problem, men det opplevast litt skeivt no.
Sist oppdatert
