
Egil Storbekkens musikkpris for 2026 er no lyst ut. Vinnaren får 25 000 kroner og eit kunstverk.

Egil Storbekken la ned ein stor innsats for å gjera instrument som lur, bukkhorn, seljefløyte og tussefløyte kjende. Foto: Ivar Aaserud / Glomdalsmuseet
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Prisen vart etablert i 2006 og er eit samarbeid mellom Tolga kommune, Norsk Lur- og Bukkehornlag, NOPA og familien etter Egil Storbekken.
Prisen blir delt ut til ein kandidat som har gjort ein særleg innsats for norsk folkemusikk, med vekt på dei eldre folkemusikkinstrumenta. Det kan vere arbeid innan utøving, komponering og arrangering, forsking og formidling, instrumentbygging eller utvikling, samt formidling av Storbekken sin eigen musikk.

Egil Storbekken med tussefløyte på sine eldre dagar. Foto: Astrid Gynnhild
Vinnaren får 25 000 kroner og eit kunstverk. Prisen blir delt ut 25. juli på Tolga, og er ei nasjonal heidersutmerking som kan gå til kandidatar frå heile landet.
Blant dei seinare mottakarane finn ein namn som Terje Isungset, Einar Selvik og Ånon Egeland.
Frist for å sende inn forslag til kandidatar er 1. mai. Nominasjonar må vere grunngjevne og sendast på e-post til priskomiteen ved Jørn Simenstad: j.simenstad (at) iCloud.com
Sist oppdatert
