Folkemusikk logo
Logo

Gro Marie Svidal inn i nytt samarbeid mellom kulturskulane og folkemusikkfeltet

Norsk senter for folkemusikk og folkedans har engasjert Gro Marie Svidal i ei ny fagleg satsing som skal styrkje folkemusikk og folkedans i kulturskulane, og samstundes løfte arbeidet med læreverk og faglitteratur i feltet.

Gro Marie Svidal er ein av dei fremste hardingfelespelarane i landet, og disputerte til doktorgrad i fjor. Foto: Ole Johs Brye.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Svidal, som er hardingfelespelar, dansar og formidlar frå Jølster, har tidlegare arbeidd ved senteret, mellom anna som prosjektkoordinator for Bygda dansar. No går ho inn i ei rolle der ho skal bidra i fleire parallelle utviklingsløp.

Utviklar ressursar for kulturskulane

Eit sentralt arbeid blir knytt til samarbeidet med Norsk kulturskoleråd. Målet er å utvikle støtteressursar, metodikk og kunnskapsgrunnlag for undervisning i folkemusikk og folkedans i kulturskulane, i tett dialog med miljøet.

Svidal skal leie arbeidet med ein ny rettleiar som skal publiserast på senteret sin nettportal. Denne vil bli bygd ut over tid, med praksiseksempel og fagleg påfyll frå feltet.

Samordna satsing på læreverk og litteratur

Parallelt får Svidal ei sentral rolle i å utvikle eit nytt samarbeid mellom UH-sektoren og senteret om revidering og vidareutvikling av undervisningsmateriale i folkemusikk og folkedans.

Initiativet samlar aktørar frå mellom andre Norges musikkhøgskole, Universitetet i Sørøst-Norge, Ole Bull Akademiet og Nasjonalbiblioteket. Ambisjonen er ei meir samordna utvikling av læreverk, faglitteratur og digitale ressursar – og eit tydelegare felles fokus i feltet.

Kombinerer praksis og forsking

Svidal disputerte nyleg ved Norges musikkhøgskole med eit kunstnarleg utviklingsarbeid innan folkemusikk og improvisasjon, og har markert seg som ein aktiv bidragsytar i utviklinga av nye formidlingsformer.

– Ho har ein sjeldan kombinasjon av kunstnarisk tyngd, pedagogisk innsikt og ein reflektert tilnærming til forholdet mellom tradisjon, endring og formidling, seier Tone E. Myrvold ved senteret i ei pressemelding.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024