Folkemusikk logo
Logo

Klar for fem startar i Vågå

Kristian Jegerud frå Eidskog er tidleg ute med påmelding til årets landsfestival i gammaldans. Med to fjerdeplassar bak seg klargjer trekkspelaren seg til festivalen med god motivasjon og eit lokalt forankra repertoar.

Kristian Jegerud er ein av fleire som alt har meldt seg på Landsfestivalen i Vågå. Foto: Thomas Westling.

Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Kristian Jegerud, som til dagleg jobbar som IT-konsulent i Oslo og har studert i Trondheim, var raskt ute med å sikre seg plass på årets festival.

– Eg tenkte eg kunne melde meg på dei klassene eg skal vere med i. Eg er gira på festival, og der er moro å stille på konkurranse når folk dansar.

Han stiller både i trekkspel og durspel, i tillegg til lagspel med Heidr og to ulike grupper i gruppespel. Totalt blir det fem startar i løpet av festivalen.

 Sjølv om han ikkje har vore med i mange år, har Landsfestivalen fått ein fast plass i sommarhalvåret.

– Første gong eg var med, var i 2019. Sidan har det vorte eit fast innslag, og så har det balla på seg med konkurranse.

Dei to siste åra har Jegerud vore tett på pallen, med fjerdeplass i trekkspelklassa. Likevel understrekar han at det ikkje er konkurranseresultata som driv han. For han handlar det meir om å plukke ut gode låttar og sjå om det kan halde til finale.

– Det hadde vore veldig moro med ein ny finale, men det er ikkje så farleg om det ikkje blir.

Lokalt repertoar – med svenske impulsar

Til årets konkurranse har han valt å gå tettare på det lokale materialet.

– Eg skal spele veldig lokal musikk i år.

Mellom anna trekkjer han fram valsen «Hilsen til Eidskog» av John Fjeldbu som eit sentralt nummer. Dei andre slåttane er ikkje endeleg bestemte, men han peikar på at han ønsker å løfte fram stoff som ikkje er så mykje brukt i landsfestivalsamanheng.

Samtidig er han opptatt av å tilføre variasjon i trekkspelklassa, både når det gjeld uttrykk og teknikk. I den lokale speltradisjonen er det nokså høg vanskelegheitsgrad på låttane. Det er ein del luft i dei, og dei er gjerne litt meir spretne enn mange andre stader, fortel han.

– Det er ikkje til å stikke under ein stol at vi er inspirerte av svenskane Jularbo og Ragnar Sundquist. Det er moro å ta tak i dette stoffet og vise det fram.

Kristian Jegerud stiller i fem klasser, mellom anna i durspel. Foto: Thomas Westling.

Eit lite, men viktig miljø

Oppveksten på Skotterud i Eidskog har ikkje vore prega av eit stort folkemusikkmiljø.

– Det er vel strengt tatt lov å seie at det er ikkje-eksisterande generelt i Eidskog.

Samtidig har det vakse fram eit mindre miljø i Austmarka, og i heimbygda er det i stor grad familien som har bore tradisjonen vidare.

– Det er moro å vise fram det vesle ein har.

Den viktigaste læremeisteren har vore mora, Lena Jegerud, som også er grunnen til at han byrja å spele trekkspel. Gjennom henne går også linjene vidare bakover i slekta, til bestefaren Bernard Johnssen som også hadde mange brør som spelte.

Han har i stor grad vore sjølvlært under mora si rettleiing, men det har blitt mykje samspel på festivalar i Noreg og Sverige oppgjennom åra.

Når det gjeld rekruttering til gammaldansmiljøet, er han optimist. Tidlegare har familien vore mykje i Sverige, der han opplevde at rekrutteringa kanskje gjekk litt nedover, men i heimlandet opplever han ei positiv utvikling.

– Det har vore veldig forfriskande å kome på Landsfestivalen, Vågåtreffen, Storefjell og Riksscenen. Her til lands er det mykje folk og det er på riktig veg.

Ein konkurranse med dans i sentrum

Førebuingane fram mot festivalen er prega av speleglede meir enn stram disiplin.

– Det blir ein del øving, men eg prøver å halde det lystbetont og spele på det eg har lyst til.

Samtidig krev deltaking i lagspel og gruppespel meir strukturert arbeid, noko han også legg vekt på i øvingsperioden.

Kristian Jegerud og Heidr gjekk heilt til topps i lagspel i fjor. Foto: Reed Forum AS.

Jegerud er tydeleg på at han set pris på konkurranseforma i trekkspelklassa, der dansen står sentralt både i kvalifisering og finale.

– Det er seriøst, men iblanda god stemning. Veldig kult!

Ei av opplevingane som har gjort sterkast inntrykk, var første gong han nådde finalen. Han trekkjer også fram opplevinga som publikummar under finalen i gruppespel i Vågå i 2022, med fullt dansegolv, som eit aha-augeblikk på kva festivalen kan vere.

Når han ser fram mot årets festival, er det ikkje berre konkurransen som lokkar.

– Det er moro å møte folk og spele og kose seg.

Til yngre utøvarar har han eit klart råd:

– Det er berre å melde seg på! Ha det gøy. Då har ein noko å øve mot. Til sjuande og sist er det berre dansespel.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024