
Aldri før har interessa vore større for Storefjelltreffen. Med rekordpåmelding, fullt hotell og deltakarar i alle aldrar ligg alt til rette for ei helg prega av tevling, dans og ikkje minst tett møte mellom generasjonar i gamaldansmiljøet.

Tom Kjetil Tørstad, her frå Landsfestivalen i fjor, er klar for storinnrykk på Storefjell i helga. Foto: Thomas Westling.
Tekst: Kjellbjørn Karsrud
I spalta fredagspraten møter me ein folkemusikar til ein uformell prat. Du finn tidlegare fredagspratar her. Lenke til et annet nettsted.
Tom Kjetil Tørstad, som sit i arrangementskomiteen saman med kona Monica Litangen og ekteparet Tor og Janet Albrigtsen, fortel at arrangementet i år sprengjer kapasiteten på hotellet med 300 rom og totalt 550–650 senger.

Arrangørane av Storefjelltreffen. Foto: Storefjelltreffen.no
Hotellet er fullt, og deltakarar kjem til med både campingvogner, bubilar og bruk av nærliggande hytter. Påmeldinga har òg nådd nye høgder: Tidlegare var 51 startnummer det høgaste, medan det i år er oppe i over 70.
Særleg i seniorklassa er interessa stor, med 20 startande på durspel. Den opne klassa har på si side eit breitt spenn, både når det gjeld instrument og uttrykk.
– Den opne klassa rommar alt frå fele og trekkspel til gruppespel. Her kan ein både synge, spele jazz eller danse halling, seier Tørstad, og legg til at dette gjer klassa både spanande og krevjande å dømme.
Sjølv om dagens form på Storefjelltreffen tok til i 2018, har Storefjell lange tradisjonar som samlingsstad for trekkspelmiljøet. Hotellet har vore eit viktig sentrum for toradarmusikk i fleire tiår.
Tørstad peikar på rolla til hotelleigar Andris Nibstad, som sjølv var trekkspelar og henta mange av dei fremste utøvarane til fjells. I dag er det sonen Lars Nibstad som driv hotellet vidare – og som framleis deltek aktivt.

Andres Nibstad bygde opp Storefjell. Her frå NRK-sending frå hotellet sitt - programmet Gammeldans i Hallingdal frå 1970 med Børt-Erik Thoresen. Trykk på biletet for å sjå programmet.
– Han har kvart år vore startnummer éin i solistkonkurransen, og spelar alvorleg godt stoff på toradar etter far sin, fortel Tørstad.
Han rosar òg vertskapet ved hotellet for innsatsen:
– Eg trur knapt det finst eit hotell i landet som kan måle seg med den goodwillen me blir møtt med. Dei legg alt til rette, og det er ei glede å vere arrangør der.
Utgangspunktet for Storefjelltreffen var å skape ein sosial møteplass – ein slags «mini-landsfestival» der utøvarar kan møtast, øve og hente inspirasjon før Landsfestivalen i gammaldansmusikk.
Buskspel og uformelle møte står sentralt, og Tørstad understrekar kor viktig det er å samle generasjonane:
– Dei unge sit ofte med store augo og får spele saman med dei som har halde på i mange år. Det var nettopp dette som var målet.
Samtidig har tevlingane fått ein tydeleg plass i programmet, ikkje minst for å skape aktivitet også på dagtid. Dei siste åra har det vore ein markant auke i deltakinga, særleg blant rekruttar og juniorar.
Sjå frå finalespelet på Storefjelltreffen i fjor her:
Fredagskvelden er vigd til kvalifisering i gruppespel, med dans som ein naturleg del av ramma. Det same gjeld finalane på laurdagskvelden.
For Tørstad sjølv har det vore viktig å få lagt til rette for eit dansande publikum. Å få spele finale til dans under Landsfestivalen, har heilt sidan han var junior, vore av dei største opplevingane han har gjennom året.
– Det er ei heilt utruleg kjensle, seier han.
Namn: Tom Kjetil Tørstad
Fødd: 1976
Kjem frå: Høresbygde i Vang
Bur i: Ryfoss i Vang
Yrke: Byggmeister
– Kvifor spelar du?
– Sidan eg fann ein toradar inne i klesskapet heime på garden, har eg elska toradarmusikk. Det å få vera med i miljøet og spela toradar på Titano, Landsfestival og Landskappleiken med, er det sværaste ein kan drive med. Alle i husstanden spelar, og det er motiverande. Eg har og har hatt elevar i mange år, og det er moro å sjå dei lukkast. Eg og Hellbillies er einig om éin ting, og det er at toradar er tingen! Mest truleg blir det siste eg gjer i livet å spela toradar.
– Eg driv stort sett som spelemann på hobbybasis, men for nokre år sidan fekk eg eit spesielt oppdrag. Eg komponerte og spelte inn musikk til i Sulis – eit bestillingsverk som heiter Sulis pols. Eg trur namnet mitt stod ni gonger på rulleteksten til filmen til Nils Gaup, og det syntest eg var stas!
– Kven er dei fremste læremeistrane dine?
– Den fremste er Øystein Nicolaisen. Han flytte hit til Vang då eg var 12 år. Ein ting er at han var lærar, men han var også ein veldig inspirasjon. Eg sette meg eit mål om at eg skulle spela så bra at eg kunne spela saman med Øysten. Om ein er passe vrang, så gjev ein seg ikkje før ein når målet.
– Elles har eg lært utruleg mykje ved å spel rundt omkring Det er éin ting eg aldri vil gløyme, og det var då høyrde eg Arnstein Fjerdingren spelte finale i 1993 på Geilo. Eg har aldri høyrt slik toradarspel som Arnstein spelte då.
Arnstein Fjerdingren er éin av mange spelemenn Tom Kjetil Tørstad har henta inspirasjon frå oppgjennom.
– Viss du berre kunne høyrd på ei folkemusikkplate resten av livet – kva for ei hadde det vore?
– Eg har slite ut fem kassettar av den fyrste kassetten Øystein Nicolaisen gav ut – Fjøsrøkteren. Eg trur det er vanskeleg å koma forbi denne. Elles er eg så heldig at Jutullaget har spelt inn eit par av mine låttar. På den fyrste plata deira kom ein reinlender som eg har laga, «Den sjuke», og dermed må dette blir ein god nummer to! Det at folk vel å spela noko eg har stelt til er enormt stas!
Øystein Nicolaisen har vore ein særs viktig inspirator for Tom Kjetil Tørstad:
– Veit du om noko gull frå arkiva du vil tilrå andre å sjekke ut?
– Når eg sette meg til for å høyre på innspelinga Riddarspranget med Torleiv Bolstad og Erling Stordahl, opplevde eg noko spesielt. Å høyre på rytmikken deira i forhold til slik det har utvikla seg, er utruleg artig. Det er ein litt annan sjanger enn det som ligg meg nærmast, men det er utruleg artig å høyre på.
– Der har me også henta ein del stoff som me spelar i Valdres Toradarlag. Å hente ting frå generasjonen bak er verkeleg verdt å gjera.
Valdres Toraderlag med éin av låttane frå plata Ridderspranget. Vals etter Ola Okshovd.
– Kva skal til for å få fleire til å bli interessert i folkemusikk og folkedans?
– Eg trur at det er viktig at dei blir presentert for dei ulike arenaene som finst. Eit godt døme på det er det Stian Roland driv med i FolkmusikkUng. Han har valt å involvere dei i Storefjelltreffen. At dei blir tekne med og presenterte for det som finst i miljøet. Det er ein alvorleg stor pådrivar.
– I tillegg er det alt gode arbeidet i kulturskular og i organisasjonane. Uansett kor hardt du jobbar med rekruttering organisatorisk, så er det viktig at dei får sjå andre som driv med det same og kor triveleg miljøet er. Slik at det ikkje berre blir med ei lita rekruttperiode, men at han blir med resten av livet.
Sist oppdatert
