
Søkartala til Vg1 på folkemusikklinja ved Vinstra vidaregåande skule viser ein tydeleg opptur etter fleire svakare år. Til hausten har 11 søkjarar meldt seg, medan 12 har fått tilbod om plass, melder GD i dag.

Elevar frå folkemusikklinja på Vinstra i samspel med Trondheimssolistene med Gjermund Larsen i spissen på konsert i fjor. Foto: Vinstra vidaregåande skule.
Tekst: Redaksjonen
Det blir ikkje oppstart av 3. klasse på landslinja for folkemusikk ved Vinstra vidaregåande skule til hausten. Årsaka er at det ikkje har vore søkjarar til tilbodet.
– Det er som forventa. Det er ingen elevar på 2. klasse i år, seier fungerande rektor Kari Åse Tvete Hernæs til GD.no, og understrekar at situasjonen ikkje er dramatisk.
Samtidig peikar ho på eit klart oppsving i rekrutteringa til dei lågare trinna. Til Vg1 har 11 søkjarar meldt seg, medan 12 har fått tilbod om plass.
– Folkemusikk er eit smalt tilbod, og søkjartala går i bølgjedalar. Det har vore nede ein periode, men no ser vi ein oppsving, seier Hernæs.
Til hausten vil det vere elevar på både Vg1 og Vg2 i folkemusikk ved skulen. To søkjarar har fått tilbod om plass på Vg2, og desse blir samkøyrde med elevar frå den ordinære musikklinja.
Hernæs viser også til at rekrutteringa skjer frå eit breitt geografisk område, heilt frå Finnmark til Oppdal og Valdres, og ho trekkjer fram miljøet rundt Riksscenen i Oslo som ein viktig faktor.
– Vi ønskjer å tilby eit godt kvalitativt tilbod og knyter til oss faglærarar med høg kompetanse, seier ho til GD.
Vinstra vidaregåande skule har nyleg lyst ut ei 60% fast stilling som folkemusikklærar frå og med hausten 2026. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
