Folkemusikk logo
Logo

Fredagspraten med Marit Karlberg

Sudan Dudan er aktuelle med nytt album. I denne vekas Fredagsprat fortel Marit Karlberg om arbeidet med plata, om å leite i arkiv etter nye impulsar og om kvifor det eigentleg ikkje går an å slutte med folkemusikk.

Marit Karlberg er plateaktuell saman med Anders Røine, Hans Hulbækmo og Magnus Skavhaug Nergaard. Dette er Sudan Dudan si femte plate. Foto: Eirik Havnes.

Tekst: Kjellbjørn Karsrud

– Denne gongen vart prosessen ganske open, fortel Marit Karlberg. Me hadde nokre skisser og tankar på førehand, men mykje vart til der og då. Nokre av opptaka som eigentleg var demoar, enda opp på den ferdige plata. Det handlar mindre om perfeksjonisme og meir om å fange ei kjensle.

Innspelinga fann stad i Flerbruket på Hemnes, etter forslag frå trommeslagar og produsent Hans Hulbækmo. Med seg fekk dermed duoen også bassist, teknikar og studioeigar Magnus Skavhaug Nergaard, og slik vart prosjektet forma som eit fullt banduttrykk.

– Me har spelt ein del som kvartett med ulike musikar dei seinare åra. Det å sleppe andre inn gjer noko med dynamikken. Dei kjem med sine impulsar, og det opnar opp uttrykket vårt, seier Karlberg.

Sjølv om Karlberg og Røine står støtt i folkemusikken, er dei ikkje berre opptekne av å vere tradisjonsformidlarar i snever forstand når dei lagar musikk til Sudan Dudan.

– Me er glade i tradisjonen og brukar mykje slåtterytmikk for eksempel, men me er ikkje redde for å vri og vende på ting. Det blir det det blir, så lenge det kjennest riktig.

Arbeidet med nytt materiale tek ofte utgangspunkt i tradisjonsstoff – balladar, gåter eller arkivmateriale – men blir sjeldan ståande uendra.

– Det kan vere små tekstbrot eller idear me finn i eldre kjelder. Så byrjar me å arbeide med det, snu og vende på det, til det får eit nytt uttrykk. Nokre gonger er opphavet tydeleg, andre gonger forsvinn det heilt.

Også denne gongen har duoen henta fram att eldre materiale – både frå arkiv og frå eiga katalog.

– Me har faktisk «tradert oss sjølve» litt. To av låtane har me spelt inn før, men dei har fått heilt nye former. Den eine er kanskje gjenkjenneleg, den andre trur eg ingen vil kjenne att.

Tekstarbeidet er like fleksibelt som det musikalske.

– Nokre gonger kjem tekst og musikk samtidig, andre gonger kvar for seg. Det kan vere fragment som blir sette saman på nye måtar, eller heilt nyskrive ting. Eg likar at tekstane er litt opne og tvitydige.

Marit Karlberg og Anders Røine har samarbeidd i Sudan Dudan sidan 2003. Foto: Eirik Havnes.

 Sjølv om albumet ikkje er bygd rundt eit uttalt konsept, oppstår det likevel samanhengar undervegs.

– Når me kjem til slutt og skal finne ein tittel, ser me at det ofte er trådar som bind låtane saman, sjølv om det ikkje var planlagt.

Den nye plata blir gitt ut på Ta:lik Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., og er den første frå Sudan Dudan som også kjem på LP.

– Det er litt stas å ha noko fysisk å ta med seg, seier Karlberg, som også ser fram til å presentere materialet live på Jørn Hilme-stemnet i sumar.

Fakta:

Namn: Marit Karlberg

Fødd: 1967

Kjem frå: Drammen / Øystre Slidre

Bur i: Rogne

Yrke: Bibliotekar

 – Kvifor spelar og syng du?

– Det spør eg meg sjølv om med. Eg har jo lyst til å slutte med jamne mellomrom, men det går ikkje! Det sit så djupt i meg, og eg er veldig glad i folkemusikken. Eg har særleg vorte påverka av far min som introduserte folkemusikken frå eg var liten. Elles er eg litt tvisynt på meg sjølv som musikar. Eg er jo utdanna bibliotekar og har ikkje musikkutdanning.

– Det er eit så fint miljø, og det blir som ein del av familien eins. Men det er fyrst og fremst sjølve musikken eg er glad i, og det gjev meg ein måte å uttrykke meg på. Eg likar alle mest å sitja for meg å sjølv og drive med musikk på rommet, leite fram gamle melodiar og tekster – detektivarbeid er gøy!

– Kven har vore dei fremste læremeistrane dine?

– Eg begynte litt seint som aktiv utøvar, så eg har lært litt her og der. Eg har ikkje hatt ein fast lærar, men eg fekk eit stipend så eg fekk gå litt hjå Ingvar Hegge. Langeleik begynte eg med då eg hadde flytta til Oslo for å studere, og då begynte eg hjå Arne Røine. Heime att fekk eg ei distriktsmusikarstilling, og då fekk eg lære litt hjå Olav Viken.

Sjå Ingvar Hegge i denne Norge Rundt-episoden frå då han spelte inn plate i 2000. Marit Karlberg dukkar også opp i ei lita birolle.

– Elles har eg snappa opp litt her og der. Eg var som ung veldig oppteken av Tiriltunga og Agnes Buen Garnås, og seinare vart eg med i Dvergmål. Det var kvedarskulen min, og det var veldig mykje å lære av dei òg. Ein kan også lære mykje av elevar òg, då må ein gjerne tenkje gjennom ting ein driv med. Far min tipsa meg om samleverket Valdrestonar, og der har eg lært mykje.

– Viss du berre kunne høyrd på ei plate resten av livet – kva for ei hadde det vore?

– «Feletona oppunde Bitihødn» med Torleiv Bolstad!

 – Kva var den siste folkemusikklitteraturen du las?

Balladearkivet 1997 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., ein database med balladetekstar som ligg ute på nett. Eg lyt stadig tilbake til det.

– Veit du om noko gull frå arkiva du vil tilrå andre å sjekke ut?

– Ei kjelde som eg vart veldig glad for å koma over då eg jobba i arkivet, var songaren Jon Ødegård frå Vang. Det gjorde veldig inntrykk på meg då eg fann han, for han hadde eg ikkje høyrt om. Det er støtt artig å koma over kjelder med eit stort repertoar som ein ikkje har høyrt om. Det er elles mykje spennande, ukjent stoff frå Sør-Aurdal!

– Kva var den største folkemusikkopplevinga du har hatt det siste året?

– Det er heile tida det! Eit sterkt augeblikk nokså nyleg var på Riksscenen der det var ein laurdag med ulike vokalgrupper. Fyrst på dagen hadde me øving der alle saman skulle gjera noko i lag. Då var det Kari Lønnestad og Gunnlaug Lien Myhr som skulle lære oss noko. Dei var store ungdomsheltar for meg, og det var fantastisk å høyre kor godt dei framleis syng når dei skulle instruere oss. Veldig sterke songarar! Eg håpar me får høyre meir til dei framover også.

Tiriltunga med Gunnlaug Lien Myhr, Kari Lønnestad og Heidi Løvlund har vore eit stort førebilete for Marit Karlberg.

– Kva skal til for å få fleire til å bli interessert i folkemusikk og folkedans?

– Det blir sagt at det er ei positiv utvikling no. Nokon seier at det må bli dårlege tider for at interessa skal auke, men ein kan vel også tenkje at det er eit teikn på velstand at så mange kan leva av folkemusikken i dag. Men ein ser jo at det framleis kan vera vanskeleg å nå fram med det heilt solistiske og tradisjonelle. Arenaer som Tuvas blodklubb bøter mykje på dette. Og det er veldig viktig at dei støtteordningane som finst, gjev nok rom også for den heilt tradisjonelle musikken.

– Det er elles viktig at arkiva får gode nok vilkår. Dei står i ei krise nett no fordi arkivsystemet deira byrjar å bli utdatert. Musikken i arkiva er jo opphavet til alt me driv med. Det er ein stad folk alltid kan koma attende til, og fornye repertoar eller bli endå stødigare i det tradisjonelle.

– Viss me ser inn i spåkula: Korleis ser folkemusikken og folkedansen ut om 20 år?

– Det kjem sikkert til å koma nye bylgjer. Nokon vil bruke musikken og dansen på nye måtar, medan andre kjem til å gå attende til eldre former. Akkurat som no altså!

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024