
Folksomt sitt debutalbumet kom ut på vinyl og i strøymetenester i går, og i kveld har dei platesleppkonsert. Gruppa kombinerer norsk folkemusikk med techno og electronica, og skildrar sjølve uttrykket som «klubbfolkemusikk».

Gruppa Folksomt har platesleppkonsert denne helga. Foto: https://folksomt.bandcamp.com/album/folksomt
Tekst: Pressemelding/redaksjonen.
I musikken til Folksomt møter hardingfele, munnharpe og folkesong djupe bassliner, synthar og trommemaskiner. Resultatet er eit lydlandskap der rytmane frå springar, halling og reinlender framleis ligg i botnen, men i ny elektronisk drakt.
– Hardingfele og munnharpe svever over djupe bassliner, folkesongen blir kledd i beats og klangar som løftar og drar. Resultatet er svært dansbart og draumande, heiter det i pressemeldinga.
Bandet består av Jonas Særsten på synth og trommemaskin, Lovise Espeland på vokal, Johanna Seim på hardingfele, Gaute Ullestad Moen på perkusjon og munnharpe, og Jonathan Krabbe på gitar.
I forkant av albumslippet har gruppa gjeve ut fleire singlar. Den fyrste var «Sumar til vetter», ein slått frå Eksingedalen som Lovise Espeland lærte av Berit Opheim.
– Den uutgrunnelege teksten og melodien som svevar mellom dur og moll gjer den korte songen til noko eg enno ikkje har blitt klok på, og forhåpentlegvis aldri kjem til å bli, seier Espeland i pressemeldinga.
Den andre singelen, «Tripparen», byggjer på ein slått frå Åseral som er mykje brukt i dansemiljøet kring Bergen. Johanna Seim fortel at låten også er ei hyllest til folkemusikkmiljøet i byen.
– Det er jo heilt opplagt å bruke ein slått som heiter «The Trip» i folkemusikk-techno, og tittelen held det han lovar. Han har evna til å sparke i gang eufori på eit blunk, seier Seim.
Gruppa har også sleppt tolkinga «Tillykke med dagen», basert på eit arkivopptak av Vilhelm Hop. Songen tek utgangspunkt i ei bryllaupsvise frå Fana og Nordhordland.
– Vi har funne ei form der tonaliteten ikkje kompromissar med resten av lydlandskapet, men formar det. Det er ganske artig å få folk til å danse og klubbe til ei mollstemd bryllaupsvise frå Fana, seier Espeland.
Folksomt held sleppkonsert i Bergen i kveld 9. mai.
Albumet blir gjeve ut både på vinyl og digitalt, mellom anna via Bandcamp-sida til Folksomt Lenke til et annet nettsted..
Sist oppdatert
