
Folkesongar og låtskrivar Malin Alander er aktuell med albumet Tvinnar på evighetens tråd, som kom ut på Ta:lik i april. Med prosjektet ønskjer Alander å utforske eit uttrykk der folkesong, pop og improvisasjon glir over i kvarandre.

Malin Alander kom i førre månad ut med ei sjangerlaus plate på Ta:lik.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen.
Alander er frå før kjend gjennom banda Hekate og Aurom, men på den nye plata står hennar eigne låtar og musikalske idéar i sentrum. I pressematerialet skildrar ho prosjektet som eit behov for å lage «sjangerlaus musikk».
– Musikken er organisk og impulsiv samtidig som fengande melodiar er rådande, skriv Alander.
Plata er laga saman med eit band beståande av Kalle Moberg på trekkspel, Ester Thunander på feler og Øystein Aarnes Vik på trommer. Albumet er produsert av Alander, bandet og lydteknikar Aleksander Sjølie.
Fleire av låtane opp tradisjonelle former og vekslar mellom det faste og det frie. Singelen «Minne meg», som vart sleppt i mars, blir trekt fram som eit døme på dette.
– Låta vekslar mellom frie landskap der tekstur utforskast i lange linjer og eit fengande refreng, heiter det i omtalen.
Teksten til «Minne meg» handlar om kva minner og tradisjonar gjer med eit menneske – både musikalsk og personleg. Alander skriv at gamle kjelder frå folkesongen alltid er til stades når ho syng.
– Når eg syng har eg med meg stiltrekk og gamle kjelder frå folkesongen inn i den nye musikken. Av og til som eit ekko og av og til meir framtredande.
Ho skildrar tradisjonen som noko fysisk nærverande:
– Det er som om nokon pustar deg i nakken og minner deg om kva som er røtene i materialet, og kva som er verktøya ein har i kroppen.
Alander meiner dette ikkje berre handlar om musikk, men òg om livet elles.
– Dei som har vore deg før deg set eit minne etter seg. Det kan kjennast som dei tek på deg, eller skrapar litt i deg når det trengst.
I livesamanheng blir låtane fletta saman med vokalimprovisasjonar baserte på ord, frasar og stiltrekk frå folkesongar, mellom anna i improvisasjonsstykket «Sola, skuggen».
Tvinnar på evighetens tråd kom ut i april på Ta:lik. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
