
Representanten Morgan Langfeldt har sendt skriftleg spørsmål til kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery om den kritiske situasjonen for dei norske folkemusikkarkiva. Dermed blir saka om det utdaterte arkivsystemet FIOL no løfta inn på Stortinget.

Folkemusikkarkivsaka kjem no opp på Stortinget. Illustrasjonsfoto: SFF.
Tekst: Redaksjonen
I Folkemusikk 3/2025 sa Knut Aastad Bråten at «arven kan forsvinne – for all tid» Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. dersom ikkje styresmaktene kjem på bana med ei ny digital løysing for folkemusikk- og joikearkiva. Folkemusikk fylgde opp saka Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., og på spørsmål til Kulturdepartementet svara statssekretæren til kulturminister Lubna Jaffery, Trude Storheim, fylgjande:
– Vi er opptekne av å sjå denne saka i eit heilskapleg perspektiv, for å sikre at ressursane blir nytta på ein føremålstenleg måte og til det beste for kulturarvsfeltet som heilskap.

Kulturdepartementet og Lubna Jaffery har ikkje teke noko endeleg standpunkt i arkivsaka, men må no rapportere om framdrifta framfor dei folkevalde på Stortinget. Foto: Stortinget.
Sidan den gong har lite skjedd, og fagmiljøa ventar framleis på ei avklaring frå Kultur- og likestillingsdepartementet.
FIOL vart utvikla på 1980-talet og har i fleire tiår vore det sentrale digitale kartoteket for registrering av lyd- og filmopptak frå norsk folkemusikk og folkedans. Systemet er no teknologisk utdatert og står i fare for å bryte saman.
Utan eit fungerande katalogsystem risikerer arkiva å miste metadata til hundretusenvis av opptak – informasjon som er avgjerande for at materialet skal vere søkbart og brukbart som kulturhistoriske kjelder.
I spørsmålet til statsråden viser Langfeldt til at fagmiljøa lenge har åtvara mot situasjonen, og spør om regjeringa meiner ho tek tilstrekkeleg ansvar for den digitale infrastrukturen rundt den immaterielle kulturarven.
Han ber samstundes regjeringa sikre finansiering slik at eit nytt nasjonalt fag- og katalogsystem kan etablerast før meir kulturarv går tapt.

Morgan Langfeldt (Frp) stiller spørsmål til kulturminister Jaffery. Foto: Stortinget.
Langfeldt peikar på at heile fagmiljøet – med Norsk senter for folkemusikk og folkedans i spissen – har peikt på Nasjonalbiblioteket som den naturlege aktøren til å ta ansvar for ei framtidig løysing. Også Norges museumsforbund, Arkivforbundet, FolkOrg, Noregs Ungdomslag og Sametinget støttar kravet om ei ny løysing.
Nasjonalbiblioteket har allereie etablert arkivsystemet Axiell Collections og har signalisert vilje til å utvikle ein eigen modul for folkemusikkarkiva. Ifølgje spørsmålet frå Langfeldt manglar prosjektet framleis eit øyremerkt tilskot på kring fem millionar kroner for å kunne realiserast.
Saka har vore oppe politisk tidlegare. I eit skriftleg svar frå 2022 skreiv den dåverande kulturministeren Anette Trettebergstuen at departementet var i dialog med Nasjonalbiblioteket om utfordringane for folkemusikkarkiva, og at ein ville følgje opp saka vidare. Fire år seinare ventar feltet framleis på konkrete tiltak.
Direktør Tanja Holmen har tidlegare peikt på at ansvarsforholda framleis er uklare, og at feltet ikkje veit kven i forvaltninga dei skal forhalde seg til. Ho meiner det trengst ei avklaring mellom departementet, Nasjonalbiblioteket og eventuelt Arkivverket om roller, ansvar og vidare prosess.
Fagmiljøa har òg vist til at Noreg gjennom UNESCO-konvensjonen om immateriell kulturarv er forplikta til å sikre, dokumentere og gjere tilgjengeleg denne delen av kulturarven. Eit sviktande FIOL-system kan difor få konsekvensar langt utover sjølve arkivmiljøet.
Sist oppdatert
