Folkemusikk logo
Logo

Fredagspraten med Sivert Holmen

Med utgangspunkt i stemninga på Slidrehuset på Valdres Folkemuseum under Jørn Hilme-stemnet har Sivert Holmen samla eit band der tradisjonsmusikk, improvisasjon og klubbenergi glir over i kvarandre. Resultatet er konseptet Kvåvne.

Sivert Andreas Holmen er ute med plata Kvåvne i dag i lag med sitt drøymelag av medmusikantar. Foto: Frederick Kihle.

Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Om Fredagspraten:

I spalta fredagspraten møter me ein folkemusikar til ein uformell prat. Du finn tidlegare fredagspratar her. Lenke til et annet nettsted.

Kvåvne vaks fram frå eit bestillingsverk til Jørn Hilme-stemnet, inspirert av stemninga på Slidrehuset og eit ynske om å skapa samanhengande dans med ulike taktartar. No har prosjektet funne vegen vidare til klubbscener og festivalgolv fleire stader i landet.

– Eg fekk moglegheita til å laga eit bestillingsverk for Jørn Hilme-stemnet. Då kjendest det naturleg å ta utgangspunkt i Slidrehuset – ein legendarisk plass. Eg har alltid likt å spela til dans der, og hadde lyst til å laga musikk for Slidrehuset i eit bandformat, fortel Holmen.

Han seier mykje av tanken bak Kvåvne er at musikken skal leva i møte med dansegolvet, med rom for improvisasjon og spontane vendingar.

– Det vart veldig god kok på dansegolvet, og det er kjempegøy. Samtidig gjer det at det kan vera vanskeleg å lytte til kvarandre i bandet.

Til prosjektet samla han det han omtalar som fyrstevala sine: Hans Hulbækmo, Astrid Garmo og Sondre Meisfjord.

– Hans er ein veldig leiken trommis, og han skjønar dei ulike springarrytmane. Han får til å spela både halling-, valdres- og telespringar. Nokre trommisar tenkjer meir jazzunderdelt, og for eit trena trad-øyra høyrer ein forskjellen.

Han rosar også Astrid Garmo for det breie registeret hennar:

– Ho er multiinstrumentalist og utruleg god både på fele og hardingfele, samtidig som ho kastar inn kule ting på langeleik og el-gitar.

Om Sondre Meisfjord seier han:

– Han har ein enorm rutine i å spela med ulike felespelarar og er rett og slett veldig god til å få slåtter til groove.

Sjølv om Holmen står som hovudkomponist, understrekar han at dei andre musikarane har sett tydelege spor i uttrykket og bidrege med stoff.

Så langt har Kvåvne spelt fire konsertar på Jørn Hilme-stemnet, Tuvas Blodklubb, Storhelg i Hallingdal og Innpuls-festivalen på Gjøvik.

– I tillegg blir det nokre fleire neste år.

Kvåvne har vakse fram parallelt med eit nytt klubbmiljø innan folkemusikken.

– Mange nye folk søkjer seg inn på folkemusikkfestar no, og det endrar dynamikken på golvet. Det tilfører fleire folk og ei kul stemning. Det er artig at unge menneske søkjer til sjangeren.

Musikken er framleis tett knytt til dansen, men Holmen håpar også at plata kan fungere som ei rein lytteoppleving.

– Ein forskjell frå speling «live» til plate er kanskje fyrst og fremst at musikken er delt opp i spor, så du har ikkje dei same overgangane som live. Materialet ligg i same rekkjefølgje, men vi har kutta nokre låttar.

Han fortel at prosjektet opphavleg var meint som eit forsøk på å frigjera seg frå den tradisjonelle «låttankegangen», men at musikken likevel enda opp ganske låtbasert.

– Eg håpar det er ei plate det går an å lytte til, ikkje berre danse til. Det hadde faktisk vore artig å testa ut ein rein konsertversjon utan dans òg.

Materialet består både av tradisjonelt stoff, nyskrivne slåttar og meir opne, groove-baserte parti.

– Me spelar til dans i ein time utan stopp. Som dansar sjølv veit eg korleis ein kjem inn i ulike flytar og pausar. Eg hadde lyst til å laga noko der ein kunne danse samanhengande gjennom ulike taktartar.

Han trekkjer fram at dei har vore medvite leikne i prosessen.

– Me har vore leikne og upretensiøse. På ein av låttane syng me, noko eg eigentleg ikkje gjer til vanleg. Det er fint å vera fri.

Fakta:

Namn: Sivert Andreas Holmen

Fødd: 1992

Kjem frå: Vadsø/Aurdal

Bur i: Øystre Slidre

Yrke: Musikar

– Kvifor spelar og dansar du?

– Det er litt tilfeldig. Eg fekk ein kulturskulekatalog då er var sju år, og me las gjennom han. Så kom me til hardingfele. Eg syntest det var det kulaste ordet i katalogen, og pappa sa at det var Noregs nasjonalinstrument. Då vart det det. Eg har kulturinteresserte foreldre, så heilt tilfeldig er det vel ikkje.

– På ungdomsskulen fekk eg ein idé om at eg skulle bli spelemann. Dansen vart ein del av pakka. Eg er eigentleg ikkje ein dansar, men har konkludert med at det høyrer med. Så vart det folkemusikklinja på Vinstra, deretter bachelor og master på NMH.

– Kven er dei fremste læremeistrane dine?

– Det er kjempevanskeleg å svara på, fordi eg har lært av så mange – også folk eg berre har hatt ein time eller to med. I dei tidlege åra var Jan Beitohaugen Granli viktig. Eg lærte mykje av Vegar Vårdal den tida eg hadde han, og Terje Moe Hansen lærte eg mykje teknikk av. Av Håkon Høgemo lærte eg mykje repertoar og slåttekunnskap, og Anne Hytta har òg vore viktig. Eg har dessutan lært mykje av Per Anders Buen Garnås og mange fleire, og eg føler eigentleg at eg framleis held på å lære. Eg har vore heldig og fått titta innom mange ulike musikkmiljø.

– Kva var den siste folkemusikk- eller folkedanshendinga du var på?

– Eg spelte to barneførestillingar i dag (tysdag) på Sprang med Silje Onstad Hålien og Silje Risdal Liahagen. Det gjekk kjempefint og var veldig gøy. Barneførestillingar er artige fordi det er eit veldig ærleg publikum, og ein må ta dei på største alvor.

– Viss du berre kunne høyrt på éi folkemusikkplate resten av livet – kva for ei hadde det vore?

– Eg trur kanskje valet hadde stått mellom Per Anders Buen Garnås si «Åleine» og Torleiv Bolstad si «Feletonar oppunde Bitihødn». Eg prøver elles å høyra på alt som blir gitt ut på feltet, og det kjem mykje bra, men ein vender stadig tilbake til nokre utgjevingar.

– Kva er det siste du har lese som omhandlar folkemusikk eller dans?

– Det siste var Tidsskrift for Valdres Historielag frå 1935 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., der Olav Moe og Knut Hermundstad skriv om Jørn Hilme.

– Veit du om noko gull frå arkiva du vil tilrå andre å sjekke ut?

– Ein ting eg har blitt meir merksam på gjennom ei ungdomsførestilling me har spelt i Innlandet, er kor mykje kule og sære låttar det finst etter utøvarar som ikkje nødvendigvis var så profilerte. I Valdres er det mykje spennande stoff frå Etnedal og Sør-Aurdal. Det finst mykje gull i arkiva etter folk som kanskje ikkje vart rekna som dei største utøvarane.

– Kva er den største folkemusikk- eller folkedansopplevinga du har hatt det siste året?

– Noko av det artigaste er at døtrene mine har byrja å spela fele. Dei har spelt konsertar allereie, og me har spelt ein del saman heime heile familien.

– Viss me ser inn i spåkula: Korleis ser folkemusikken og folkedansen ut om 20 år?

– Eg ser veldig lyst på framtida. Det kjem heile tida til nye generasjonar med interesserte folk.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024