
Under Folkemusikkveka vart det fredag kveld kjent at artisten SYMRE er tildelt Norsk Viseforums Artiststipend for 2026.

Symre Taugbøl Bang fekk eit gjævt stipend på Ål i kveld. Foto: Rasmus Vik Lagerberg.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Stipendet skal løfte fram nye stemmer innan norsk visekunst, og går kvart år til ein uetablert artist eller ei gruppe som peikar framover og viser korleis visa kan vere relevant i samtida. Med stipendet følgjer mellom anna 40 000 kroner til produksjon eller formidling av eigen musikk, mentoroppfølging i samarbeid med MØST, konsertmoglegheiter og profilering gjennom kanalane til Norsk viseforum.

Per Anders Buen Garnås, Odd Nordstoga, Symre, Stein Torleif Bjella og Liv Bakke Kvinlog. Foto: Martin Otterbeck
– Det er ei stor glede å få markere ein ny stor visekunstnar under Folkemusikkveka. Symre er ein unik artist som har ei stor framtid framfor seg på den norske musikkscena. Me er stolte over å få vere ein del av reisa hennar gjennom stipendet og samarbeidet som ligg framfor oss no, seier dagleg leiar Liv Bakke Kvinlog i ei pressemelding.
Kvinlog tok turen til festivalen for å overraske artisten under konserten med Odd Nordstoga og Stein Torleif Bjella fredag kveld.
- Dette var skikkelig stas. Tusen takk! sa ein mållaus og overraska Symre rett etter overrekkinga frå scenen.

Foto: Anders Lillebo
Juryen for årets stipend har bestått av Sondre Lerche, Trygve Skaug, Frida Ånnevik, Eva Weel Skram og Natalie Sandtorv.
I grunngjevinga, ført i pennen av Skaug, blir det trekt fram at den 23 år gamle artisten alt har gitt ut tre soloalbum og utvikla eit tydeleg kunstnarleg uttrykk.
Juryen peikar på at musikken til SYMRE har eit solid fundament i norskspråkleg vise, samstundes som ho rører seg fritt mellom ulike sjangrar. Dei rosar både melodiane, tekstane og evna hennar til å utvikle sitt eige særpreg som artist, arrangør og produsent.
Vidare løftar juryen fram at ho driv karrieren sin nærast på eiga hand, med roller som både komponist, bookingagent, manager, produsent og plateselskap.
– Juryen er overbevist om at det me har fått sjå og høyre til no berre er starten på ei eventyrleg reise inn i ein mangslungen, rik og lang artistkarriere, heiter det i grunngjevinga.
SYMRE flytta nyleg tilbake til heimbygda Morgedal etter fullført musikkutdanning i Oslo, med mål om å satse vidare derifrå.
Sist oppdatert
