
Instrumentmakar, tradisjonsberar og multimusikar Bendik Smedåsgjelten Qvam frå Tynset er tildelt Stein Villas Minnefond for 2026. Tildelinga vart kunngjord under opninga av Musikkhelga 2026, som vart arrangert av Gjøvik spelmannslag og Tradisjonsmusikkarkivet ved Mjøsmuseet sist helg.

Bendik Smedåsgjelten Qvam har gjort seg bemerka både som tradisjonsutøvar og instrumentmakar. Foto: Solveig Rudshavn.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Qvam har dei siste åra markert seg som både utøvar, komponist, instrumentmakar og formidlar. Han byggjer fleire ulike tradisjonelle blåseinstrument, mellom anna bukkehorn, lur og ulike fløytetypar, både til eige bruk og for sal.
I grunngjevinga frå minnefondet blir det peika på fleire likskapstrekk mellom årets mottakar og den avdøde folkemusikaren og instrumentmakaren Stein Villa. Sjølv om dei hadde ulike hovudinstrument – Villa med fele og gitar, Qvam med trompet og gitar – deler dei ei sterk interesse for å utforske nye klangar gjennom eldre instrumenttradisjonar. For begge har det òg vore viktig å byggje instrumenta sjølve.
Styret i minnefondet løftar fram Qvam sitt engasjement for tradisjonsmusikken og arbeidet hans med å halde ved lag kunnskapen om instrument som ikkje kan kjøpast ferdige i vanlege musikkforretningar.
– Det er utruleg viktig at nokon tek opp arven etter arbeidet som Magnar Storbekken, Stein Villa og andre eldsjeler har utvikla og delt med kjærleik til folkemusikken vår, heiter det i grunngjevinga.
Qvam er ein etterspurd kurshaldar og formidlar, og arbeider både med tradisjonelt materiale og nykomponert folkemusikk. Han har tidlegare motteke ei rekkje prisar og stipend, mellom anna Fureprisen, SpareBank 1 Østlandet sitt talentstipend, Statens kunstnarstipend og Egil Storbekkens minnepris.
Tidlegare i år fekk han òg Spellemannprisen 2026 saman med Synnøve Brøndbo Plassen i klassen for tradisjonsmusikk.
Qvam har dei siste åra hatt tett kontakt med både Stein Villa og miljøet kring Gjøvik spelmannslag. Han deltok mellom anna under Musikkhelga i 2024 og på den såkalla flåtekonserten på Steinberg same året, der Villa medverka.
Sjølv kunne ikkje prismottakaren vere til stades under utdelinga, men heldt ei digital takketale der han fortalde om kva Stein Villa hadde betydd for han som musikar og instrumentmakar. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Årets Musikkhelg samla mange deltakarar og baud på eit breitt program med både konsertar og kurs. Ånon Egeland heldt mellom anna krydderkonsert i Tingbygningen på Hunn.
Laurdag og sundag var det kursverksemd på Eiktunet. Deltakarane kunne mellom anna velje mellom spel på nordisk sekkepipe med den svenske riksspelemannen Erik Ask-Upmark, smiing og spel på munnharpe, langeleikspel, seljefløytemaking og bygging av eigen beinfløyte med Ånon Egeland.

Ånon Egeland held kurs. Foto: Marit Steinsrud.
Musikkhelga er eit samarbeid mellom Gjøvik spelmannslag, Tradisjonsmusikkarkivet ved Mjøsmuseet, Norsk langeleikforum og Norsk Munnharpeforum. Arrangementet har dei siste åra etablert seg som ein viktig møteplass for utøvarar og interesserte innan tradisjonelle instrument og folkemusikktradisjonar.
Sist oppdatert
