Folkemusikk logo
Logo

Vårens folkemusikksinglar

I vår har det kome ei rekkje nye singlar med røter i folkemusikken. Her er seks nokså ferske utgjevingar frå artistar og ensemble som spenner frå nytolkingar av tradisjonelt slåttemateriale til remixar og nykomponert dansemusikk.

Tekst: Redaksjonen

Diket – «Karolin»

Den norsk-svenske trioen Diket slepp singelen «Karolin», ei låt som tek utgangspunkt i overgangen frå vår til sommar. Teksten skildrar korleis den lyse og sosiale årstida kan opplevast frå perspektivet til ein som er ulykkelig, medan naturen og menneska rundt markerer at sommaren er komen.

Leif Ove Andsnes – «Noko té øl»

Pianist Leif Ove Andsnes har gjeve ut «Noko té øl», basert på folketone nr. 11 frå Geirr Tveitt sine Femti folkatonar fråo Hardanger. Stykket byggjer på tradisjonar knytte til bryllaup og fest i Hardanger. Innspelinga er ein del av Andsnes sitt nyleg sleppte album med musikk av Tveitt.

Håkon og Nils Henrik Asheim – «Røtnams Knut»

Brørne Håkon Asheim og Nils Henrik Asheim innleier albumet Crossing Grieg med ei nytolking av slåtten «Røtnams Knut». Prosjektet tek utgangspunkt i Edvard Grieg sine omarbeidingar av norske slåttar i Opus 72 og kombinerer tradisjonelt slåttespel med nye arrangement for fele og klaver. Plata er venta i utgangen av juni.

Madam Jam & Staut – «RundballBall»

Madam Jam og Staut samarbeider på singelen «RundballBall», som kom ut 22. mai. Låta er skriven av Ørnulf Dyve og Steinar Odde og handlar om fest og bygdeliv. Innspelinga er gjort live i studio med alle dei 13 musikarane samla.

Marius Berglund ofl. – "Snu på flisa"

Sekstetten Marius Berglund, Kristina Farstad Bjørdal. Åsmund Arnesen Farstad, Jorun Marie Kvernberg, Kjartan Haugen Foss, Frode Slupphaug har sleppt ein ny reinlender komponert av Jorun Marie Rypdal Kvernberg. Utgjevinga er ein forsmak på eit komande album, "Hivaren" som etter planen skal kome på Melovitten seinare i juni.

Ingrid Lingaas Fossum & Centre of the Universe – remix av halling etter Berit på Pynte og Kristine Klemmetsrud

Ingrid Lingaas Fossum har sleppt ein remix av «Halling etter Berit på Pynte / Kristine Klemmetsrud», laga av Jørgen Skjulstad (alias Centre of the Universe). Remixen tek utgangspunkt i eit tradisjonsopptak og er lansert saman med ein musikkvideo produsert av Skjulstad. Utgjevinga inngår i Fossum sitt arbeid med tradisjonsmateriale for langeleik.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024