Folkemusikk logo
Logo

Melovitten inviterer til stor
konsertbonanza i Vågå

12.–14. juni blir det folkemusikkfest i Vågå når plateselskapet Melovitten markerer
femårsjubileum.

Solveig Brekke Hauknes og Bjørn Kåre Odde feirar til helga at plateselskapet deira, Melovitten, fyller fem år. Foto: Thor Hauknes.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen.

Gjennom tre dagar kan publikum få med seg heile sju konsertar der 27 enkeltmusikarar fordelt på 12 grupper skal i sving på scena under Melovittens konsertbonanza.

Fem år med Melovitten

Festivalhelga løftar fram Melovittens artistar med røter i Vågå og Ottadalen, og publikum kan vente seg eit breitt musikalsk landskap – frå folkrock og improvisasjon til tradisjonell og nyskapande gammaldans, lokalt slåttespel, tradisjonell song, klassiske perler og viser på lomvêr.

– Dette er både ei feiring av dei fem fyrste åra våre som plateselskap, samt ei markering av kor mange dyktige folkemusikarar som finst i regionen vår. Tenk at desse 27 utøvarane berre er eit lite utval av dei som driv med folkemusikk i området. Vi ønskjer å samle artistar, tilreisande publikum og bygdafolk til ei helg full av musikk, dans og gode menneskemøte, seier arrangørane i Melovitten.

Breitt program

Publikum får mellom anna oppleve rocke-gammaldans med Lendmenn, Skultbakkalaget og Skurken på dansegolvet.

Mari Midtli og Astrid Sulheim presenterer tradisjonell song og spel frå Ottadalen. Foto: Augeblikk studio.

Det blir også tradisjonell song og spel frå Ottadalen med Mari Midtli, Astrid Sulheim og Atterljomen, gammaldansball med Madam Jam, SKROT og Nye Ringnesin, familiekonsert med Vegar Vårdal og stemningsfulle avslutningskonsertar med Bjørn Kåre Odde og Mads Erik Odde samt Sandum/Tallroth.

Madam Jam skal bidra til gamaldansball. Foto: Thor Hauknes.

Lomvêringen Frikk Gjeilo står også på plakaten og vil by på viser og upassande poesi.

Arrangementet byr dessutan på buskspel, dansefest, gratiskonsertar og liv og røre i sentrum gjennom heile helga.

Lokale samarbeidspartnarar

Konsertbonanzaen samarbeider med fleire lokale aktørar som opnar lokala sine for konsert og dans. Både Andre etasje, Vågå Handelsforening og den nye Munchlåven på Gammel-Kleppe kulturarvhotell kan publikum besøkje denne helga.

Også Eventlink, som driv både Bokhandeln og Liehjørnet, er ein sentral samarbeidspartnar som Melovitten er glade for å ha med på laget under festivalhelga.

Festivalvorspiel til Landsfestivalen

Melovitten vart etablert i 2021 av ekteparet Bjørn Kåre Odde og Solveig Brekke Hauknes, og har på få år markert seg som eit viktig plateselskap for både tradisjonell og nyskapande folkemusikk. Særleg runddansmusikken har fått eit løft dei siste åra, meiner Melovitten.

Skultbakkalaget blir å høyre i lag med fleire gamaldandsgrupper under Konsertbonanzaen. Foto: Reed Forum.

Konsertbonanzaen er ei storsatsing på lokale utøvarar og eit festivalvorspiel til Landsfestivalen i gammaldansmusikk, som også blir arrangert i Vågå sommaren 2026. Gro Visdal er medprodusent for Melovittens konsertbonanza.

Program og billettar finn ein på Melovitten si nettside Lenke til et annet nettsted. og Tikkio Lenke til et annet nettsted..

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024