
Å få tak i dommarar til Landskappleiken er ein triveleg jobb, sjølv om det også kan vere vanskeleg. Ingeborg Ulberg Sommer er ei av dei som har hatt det oppdraget, som kappleiksrådgjevar i FolkOrg. No er ho straks klar for ein sommar med to store arrangement, men først er ho vekas gjest i Fredagspraten.

Ingeborg Ulberg Sommer er ei av dei som har hanka inn dommarar til Landskappleiken og Landsfestivalen i år. Foto: Thor Hauknes.
Tekst: Johanne Flottorp
Ingeborg Ulberg Sommer og alle dei andre på FolkOrg-kontoret er travelt opptatt nå før festivalsommaren startar. Neste veke set dei snuta mot Landskappleiken på Hovden, men dei er samstundes også i innspurten på mykje av planlegginga av Landsfestivalen.
Likevel er pulsen på kontoret førebels grei.
– Men det går i eitt, seier Ingeborg.
For ikkje lenge sidan blei dommarane til Landskappleiken offentleggjort, medan kven som skal dømme Landsfestivalen framleis er ukjend for allmogen.
Å finne dommarar er ein lang prosess for Ingeborg og kollega Liv Annette Nygjerdet.
– Det er styret i FolkOrg som har siste ord. Dei har ei liste med mange namn som dei allereie har godkjent, og så set me saman desse til trioar. Det er mykje som skal passe saman. Me ser på område, kva grein dei kan dømme, kjønn. Det er mange omsyn å ta for å sette saman dommarpanel, seier Ingeborg.
Saman med Liv Annette set ho opp forslag, og så skal arbeidsutvalet i styret godkjenne dette. Dei prøver så langt det går å få med ein dommar frå året før.
I spalta fredagspraten møter me ein folkemusikar til ein uformell prat. Du finn tidlegare fredagspratar her. Lenke til et annet nettsted.
– Det er for å få til erfaringsdeling frå tidlegare år. Dommarane har gjort seg nokre tankar frå året før, så det vil me vidareføre. Og så slepper ein kanskje å ha ein dommartrio der alle er heilt nye. Det kan vere fint for dei som skal dømme, seier Ingeborg.
Å ringe rundt for å spør folk om dei vil ta på seg dommaroppgåva, er ein triveleg jobb, sjølv om det også blir ein del nei.
– Dei fleste er superpositive, men samtidig kan det vere ganske utfordrande å få tak i folk. Det er ei stor oppgåve å ta på seg, og det er mange ting som skal klaffe for at folk skal seie ja. I år har me gått ganske mange rundar, seier Ingeborg.
Trass i dette var dei tidleg ute, og alle dommarane var på plass før påske. Likevel blei dommarane først presentert i førre veke, etter at startlistene er offentlege, slik det bruker å vere.
– Me ønsker å få ut startlistene først. Det skal ikkje ha noko å bety for deltakarane kven som dømmer. Difor tenkjer me at det ikkje er ei nyheit å sleppe før påmeldingsfristen er ute, fortel ho.
Namn: Ingeborg Ulberg Sommer
Fødd: 1993
Kjem frå: Aursund i Røros kommune
Bur i: Oslo
Yrke: Rådgjevar i FolkOrg og folkemusikar
– Kvifor spelar du?
Fordi eg har gjort sidan eg var lita. Eg byrja då eg var fem år, og det var naturleg at eg og storesøster starta i lag. Det blei eit veldig godt miljø for oss juniorar, med fine lærarar og mange folk som støtta opp. Så då hadde eg bare lyst til å fortsette.
– Kven er dei fremste læremeistrane dine?
Frå barndommen må eg seie Mari Eggen. Vidare vil eg nemne Vegar Vårdal, han har eg lært aller mest av. Men eg også hatt Andreas Bjørkås som eg lærte veldig mykje av. Andre eg vil trekke fram er Jens Nyplass og Sven Nyhus. Sven spelte eg ganske mykje med medan eg gjekk bachelor på Noregs musikkhøgskule. Eg lærte spesielt mykje om historiene, og me snakka mykje om kjeldene.

Ingeborg Ulberg Sommer under tevlinga i Fele A på Landskappleiken 2024. Foto: Isa Holmgren
– Kva var den siste folkemusikk- eller folkedansehendinga du var på?
Eg var på festivalen Scandimoot i England i mai, saman med Vegar og Mette Vårdal, Astrid Sulheim, John Ole Morken og Iselin Aukrust. Der var det festival og kurs. Dei har arrangert dette i 20 år og bytter på å ha norske og svenske folkemusikarar over. Det var ein veldig triveleg festival, med eit triveleg reisefølgje og med folk det var fint å spele saman med.
– Viss du berre kunne høyrd på ei folkemusikkplate resten av livet – kva for ei hadde det vore?
Oi, det var vanskeleg. Eg høyrer mykje på Rydvall Mjelva, så det er potensielt ei plate av dei.
– Veit du om noko gull frå arkiva du vil tilrå andre å sjekke ut?
Eg vil trekkje fram Kilde-CD nr 4 – Holtålen og Røros, som Norsk senter for folkemusikk og folkedans har gitt ut. Der er det mykje bra, men eg kan nemne opptaka med Kristine Wivelstad.
– Nemn ei av dei største folkemusikk- eller folkedansopplevinga du har hatt.
Eg var med på Midtvinterdansen i Verdal då eg var rundt 10 år, og møtet med Majorstuen har sett seg. Det var ein boost for å fortsette og spele. Det var også fint å møte andre på sin eigen alder som var interesserte i det samme.
Sist oppdatert
