
Bli med på sesongavslutninga til Jakupscena på Aukrust gard og urteri der fire unge folkemusikarar nyleg presenterte fire tradisjonar innanfor spel og vokal.
Kjetil Meberg Myhren (Hallingdal), Syver Rolandsgard Hauge (Valdres), Magnhild Garnås Haugen (Telemark) og Iselin Aukrust (Ottadalen) stod for sesongavslutnigna på Jakupscena. Foto: Kjellbjørn Karsrud.
Tekst: Redaksjonen
Det midlandske kulturområdet som strekker seg langs fjellheimen som skil austland frå vestland, frå Gudbrandsdalen i nord til Telemark i sør, har heilt sidan nasjonalromantikken hatt ein spesiell status i norsk folkemusikk. På denne konserten får vi høyre fire ungdommar som forvaltar kvar sin tradisjon på dedikert vis.
Folkemusikk presenterer her konserten i ein redigert versjon i podkasten Folkeprat.
På Aukrust Gard og Urteri fekk publikum presentert ein rein akustisk solokonsert med eit utval slåttar, stev, visetonar og balladar frå desse områda, kunnskapsrikt presentert.
Iselin Anna Aukrust er på heimebane sjølv om ho til dagleg studerer på Ole Bull Akademiet på Voss, og både spelar og syng tradisjonsstoff frå Lom og Ottadalen.
Kvedaren Magnhild Garnås Haugen frå Hjartdal i Telemark har på tileigna seg ein levande familietradisjon etter mor Ingvill Marit Buen Garnås og gommo Agnes Buen Garnås. Til dagleg studerer ho ved Noregs Musikkhøgskole.
Mellom Gudbrandsdalen og Telemark finn vi både Hallingdal og Valdres. Kjetil Meberg Myhren – Oslo-gut med sterke familierøter i Hallingdal og Telemark – spelar både tele- hallingspel.
Syver Rolandsgard Hauge frå Vestre Slidre i Valdres, som er vaksen opp nokre frå steinkast unna der ein av storkultane i Valdres-tradisjonen, Ivar Ringestad (1870–1953) budde og virka, har tileigna seg denne særeigne tradisjonen.
Båe desse karane har nyleg studert høvesvis felebygging og felespeling på USN, avdeling Rauland.
NB! Redaktør Kjellbjørn Karsrud sit i styringsgruppa for Jakupscena.
Sist oppdatert
