
Landskappleiken 2026 er igang på Hovden, og bygda byrjer å fylle seg opp av utøvarar og tilskodarar. Folkemusikk tok turen rundt på arenaen for å høyre om kva folk gler seg til under denne kappleiken.

Fem på Landskappleiken onsdag. Foto: Johanne Flottorp
Tekst og foto: Johanne Flottorp
Dagens spørsmål til folk på gata på Hovden er enkelt og greit:
Kva gler du deg mest til på Landskappleiken?

Kristian Ihle Hanto:
– Eg oppdaga i stad kva eg burde glede meg mest til, og det var å høyre godt spel på dansetevlingane. Det er ein anna type spel enn på tevlinga, då er det høgare aksler. Veldig artig å høyre slåttevalet, det er ikkje slåttar ein høyrer så mykje til vanleg. Så dei ledige beitene eg får, vil eg i alle fall høyre på spelet i danseklassene.

Gunhild Tømmerås:
– Eg gler meg nok mest til Vokal A. Då sit eg og høyrer på heile klassa. Og så er det veldig kjekt å sjå på alle C-klassingane og følge med på rekrutteringa. Eg har også med med strikketøy og er klar for alt. Så her skal det nytes!

Sveinung Søyland Moen:
– Eldre folkemusikkinstrument er ei klasse eg liker veldig godt, så den gler eg meg veldig til. Og kanskje også toradarklassa, eg bruker alltid å få med meg heile dei klassene. Elles er det mykje anna spennande, så ein må prioritere. Det kan vere vanskeleg nokon gonger, og ting kolliderer, så ein må springe litt til og frå.

Gjertrud Raftevold Rue og Eivind Uppstad Killie:
– Dansefest! Møte kjentfolk, seier Eivind.
– Bare samveret, det er så koseleg å møte andre folk her. Når du møter folk på kappleik, så helsar alle på kvarandre og alle er så glade. Kappleiken er sommarens høgdepunkt, seier Gjertrud.
Sist oppdatert
