Folkemusikk logo
Logo

Fem på Landskappleiken – torsdag

Hovden er bada i sol og folk ser ut til å kose seg på Landskappleikens andre dag. Men, kva andre ting enn godt vêr er det som skal til for at kappleiken blir bra?

fem på gata

Tekst og foto: Johanne Flottorp

Dagens spørsmål til folk på kappleiksområdet er dermed:

Kva meiner du skal til for at det blir ein bra kappleik?

 

Tone Krohn

 Tone Krohn:

Det er stemningen. Den er så herlig. Det å komme til ein stad der alle brenn for noko som har med norsk kulturarv og levande folketradisjon, eg elsker det. Så det har mykje å seie. Og så er det gøy å følge med på enkelte utøvarar ein har blitt kjent med opp igjennom tida.

 

fem på gata

Ymbjør Granlien Røine, Johanne Ingeborg Granli og Oda Sundsbakk:

– At det er nok ting på agendaen, at ein kan dra og sjå på tevlingar, seier Ymbjør.

– Å møte masse folk og bli kjent med nye. Då blir det ein bra kappleik, seier Johanne Ingeborg.

– God stemning er veldig viktig. Og tilgjengelegheit på kappleiksarenaen, at det er oversiktleg og at ein veit kvar ein skal. Så slepp ein å springe rundt og stresse med det, men ein kan roe seg ned og sitte og følge med på folk som speler og danser. Det er jo det ein vil, seier Oda.

fem på gata

 Jan Henning Loftsgarden:

– Det er fint vêr og god stemning og alt slikt. Og så er det mange folk å treffe som ein treffer sjeldan, ein gong i året som regel. Det er kjempebra.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024