
NRK har hatt eit langt samarbeid med Landskappleiken og FolkOrg oppgjennom, noko som vart markert med ein eigen konsert torsdagskveld på landskappleik på Hovden.
Programleiar John Ole Morken (t.h.) og Daniel Sandén-Warg hadde ein interessant samtale med humoristisk snert.
Tekst og foto: Kjellbjørn Karsrud.
Programleiar var Folkemusikktime-anker John Ole Morken, som innleidde med å fortelja at dei eldste kappleiksopptaka til NRK er frå heilt attende til 1948. Med seg hadde han Daniel Sandén-Warg, Synnøve Brøndbo Plassen og Anders Lunden Herfoss.
– Eg har ofte tenkt på kor gamal folkemusikk vil bli. Det er noko som er tidlaust over det me driv med, sjølv om ein slått kan vera «gørgamal» og laga for fleire hundre år sidan, så er slåtten heilt ny for den unge felespelaren som skal prøve å lære seg dette for aller fyrste gong, innleidde Morken.
John Ole Morken hylla folkemusikkens eigenart.
Han vigde oppmerksemd til den kollektive hukommelsen, korleis musikken har vandra og kven som har vore med og teke vare på musikken oppgjennom.
Fyrstemann inn var den kjende spelemannen Daniel Sandén-Warg frå Setesdal. Dei kom mellom anna inn på bakgrunnen til Sandén-Warg, som opphavleg er frå Sverige:
– Ja, eg har gått til doktoren med dette mange gonger, men han kan ikkje gjere noko med det, skjemta han til lått frå den smekkfulle salen.
Sandén-Warg som i unge år kom over kassetten «Klunkaren» med «The Bjørgums», noko som skulle føre til at han flytte til Setesdal i 1999 og har budd der sidan.
Dei kom mellom anna inn på felespel og dialektbruk som Sandén-Warg forvaltar like godt. Det har skjedd store endringar i målbruken i dalføre i løpet av desse åra.
– No kan ein risikere å køyre gjennom heile Setesdal utan å høyre dialekten i det heile. Eg fann tidleg ut at språk er lykelen til kommunikasjon, fortalde han.
Sandén-Warg laga sin eigen heimelaga capo med teip rundt felehalsen for å få fela opp frå A til C, men etter kvart fekk han kjøpt ei hardingfele.
– Eg meiner at det er prøve å lye på deg og herme etter det, prøve og feile. Eg trur ikkje det går an å lære dette ut frå notar, du må lære dette språket ut frå gehør.
Publikum fekk deretter servert både munnharpelåtten Fanten etter Mikkjel Kåvenes og Fille-Vern på hardingfele. Sandén-Warg prisa utviklinga med at setesdalsmusikken no er å høyre mange andre stader i verda, men understreka viktigheita av at han også har gode vilkår på heimebane.
– For vår del er det viktigaste at ein kan oppleve den lokale musikken der han er ifrå. Du kan risikere å reise gjennom eit dalstrøk utan at det er spelemenn lenger, og det jobbar me med her i Setesdal.
Deretter kom Synnøve Brøndbo Plassen opp. Folldølen har gjort seg bemerka som ein av dei fremste folkesongarane her til lands dei siste åra. Oppvaksen i ein folkemusikkheim tok det likevel ein del år før ho fekk opp augo for skattekista i heimområdet.
– Då eg vart 17, begynte eg å høyre på ein del forskjellig, for eksempel Ingebjørg Bratland. Så begynte eg å grave litt, og plutseleg openberra det seg ein vokal tradisjon i Folldal òg.
Å stille på kappleik kan vere nervepirrande, men det er ein god grunn til å kome attende til kappleiksscena gong på gong, meiner Brøndbo Plassen.
Synnøve Brøndbo Plassen frå Folldal slo eit slag for slåttetralling.
– Vi har eit så fint mangfald i tradisjonsmusikken i Noreg, det er fint å vere ein del av dette mangfaldet, fortalde ho.
Ho kjem sjølv frå eit dalføre som ho karakteriserer som ein smeltedigel med tre ulike kulturar.
– Det å sitte i lag og synge pirkar borti noko ekstremt menneksleg. Og det handlar like mykje å vere i lag som å synge. Eg plar å seie at eg har hatt Unni Løvlid som lærar på NMH, på tre år trur eg lærte tre sangar, fordi vi sat å prata skratta ho, for ho la til – Det handlar å lære seg det rundt òg.
Ho tralla deretter ein vals frå Folldal, og slo eit slag for slåttetralling generelt. Med mor frå Nord-Trøndelag har ho også sett seg mykje inn i songtradisjonane der oppe. Ho tok deretter visa om møllardottera.
Anders Lunden Herfoss frå Ål var sistemann som fekk ein tur opp på podiet. Han har på mange måtar gjort halling av seg, peika Morken på, opphavleg er han frå Drangedal. Der har han tileigna seg den særeigne durspeltradisjonen der, eit instrument som har gått under mange namn:
– Toradar, einpikkar i Hallingdal, dragspel og trekkspel, og nokre meir negativt ladde, men det prøver eg å gløyme, sa Herfoss til skratting i salen.
Anders Lunden Herfoss demonstrerer korleis ein toradar verkar.
I Drangedal vaks han opp med gamaldans, men vart etter kvart meir interessert i slåttespelet, og dette er det rikeleg av i Hallingdal dit han flytte etter at han var ferdigstudert.
– I Drangedal er det ein særeigen tradisjon, opphavleg med flatfele, som liknar meir på Agder og enklare typar. Men dette var nesten utdødd då eg vaks opp, då var det toradar og gamaldans med eit meir nasjonalt repertoar for eksempel etter Toradertrioen.
Herfoss demonstrerte både korleis ein toradar verkar reint teknisk og i praksis med «Lauslåtten hass Eirik Toresgard». I tillegg kom han med noko toradarhistorie og om korlleis han spreidde seg i norske bygdelag frå 1870-talet og utover.
Sjølv om toradaren og hardingfela stort sett levde fredfullt side om side i Hallingdal, var han ikkje like populær over alt, og det skulle gå heilt til 2005 før han fekk vera med på Landskappleiken.
Herfoss har også interesse for kappleikshistorie og ser positivt på utviklinga til kappleiken som fenomen, sjølv om han har ein annan funksjon enn tidlegare.
– Når det ikkje var festivalar og folkemusikkscener, var det ein arena for å syne seg fram. Det er viktig å ha noko å øve mot, og det er mange unge som er med no. I tillegg er det ein viktig arena for det reinse solistiske spelet som ikkje har så mange arenaer elles. Kappleiken har vore viktig for både rekruttering og konservering til ein viss grad, og for å ha ein arena for det gamle, gode, tradisjonelle spelet, kvedinga og dansen.
Til slutt fekk alle dei tre ta kvart sitt nummer til stor åtgaum frå eit entusiastisk publikum. Konserten blir venteleg å høyre på Folkemusikktimen seinare i år.
Sist oppdatert
