Folkemusikk logo
Logo

Fem på Landskappleiken: Dette var høgdepunkta i Hardingfele klasse A

Kven imponerte mest i Hardingfele klasse A? Vi spurde fem røynde kappleiksfolk om kva dei sit att med etter den sterke tevlinga.

Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Jørgen Andrisson Kvam – Vang

– For meg lyt det vera Jan Beitohaugen Granli, Maria Vaaje og at det er ei så enorm breidde på dette her. Det er representasjon frå mange kantar og høgt nivå på heile gjengen.

Spelemannen Jørgen A. Kvam frå Vang.

Arne Sølvberg – Stryn

– Eg må seie at eg har høyrt noko av det beste hardingfelespelet eg nokon gong har høyrt i dag, og det var Gro Marie Svidal. Gud bevare meg for ei speling! Tidlegare var ho litt for forsiktig og spelte litt for fint, men i dag hadde ho den krafta og tilslaget. Sivert Holmen spelte utruleg godt den Spelemannsprøva!

Så eit hjartesukk:

– I A-klassen bør dei vera så profesjonelle at dei får stemt fela si mi ei gong. Det er elles eit par stykk som bør vurdere om dei framleis er A-klassa.

Mangeårig kappleiksspelemann Arne M. Sølvberg.

Knut Hamre – Granvin

– Særleg med slåtteval kjennest det som det var ein del overraskande ting. Eg hadde ei føling av at eg ikkje hadde høyrt det på lenge om eg i det heile hadde høyrt det før. Det er moro at det kjem nokre nye ting med, slik som Per Anders Buen Garnås sin «Nyrenning» som kom to gonger.

Tidlegare A-klassevinnar Knut Hamre.

Sigrun Dyvik Berstad – Oslo

– Spelemannsprøva med Sivert Holmen var veldig bra, og så synest eg Gro Marie Svidal spelte veldig bra.

Felespelar Sigrun D. Berstad, opphavleg frå Haugesund.

Øystein Romtveit – Vinje

– Det var ei veldig stor A-klasse. Dei eg tenkjer mest på er dommarane. Det er fyrstepremiespelemenn – og kvende, og dei er ovleg gode til å spele, som du må rekne med at held fyrste premienivå. Så skal du plassere desse 25 utøvarane på mellom 75 og 100 poeng på denne poengskalaen, så det er ein ettertanke.

– Det blei spelt veldig mange gode slåttar. Det er nokre damer her som er gruleg gode til å spele.

Øystein Romtveit var programleiar i år.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024