
Det var stappfullt i hallen då finalistane i Dans fele klasse A, Vokal klasse A og Halling klasse A gjorde opp om dei gjevaste plassane under Landskappleiken fredag kveld. Kven som går heilt til topps, blir først avslørt under meisterkonserten i dag.

Finalistar i Dans fele A: Stig Nilssen og Anne Nilssen Grytting. Foto: FolkOrg/Thor Hauknes.
Tekst: Redaksjonen
Det var stor stemning då årets tre finalar gjekk av stabelen på Hovden fredag kveld. Eit fullsett publikumsområde tok imot finalistane i dei tre prestisjefylte klassene, der dans, song og halling stod på programmet.
Fyrst ut var finalen i Dans fele klasse A, årets kongepokalklasse. Publikum fekk oppleva to polsar frå Østerdalen før kvelden vart avslutta med ein energisk nordlandspols som skapte god stemning i salen.
Finalistar i Dans fele klasse A var:

Finalistar Dans fele A. Foto: FolkOrg/Hans Hjemdal.
Deretter overtok finalistane i Vokal klasse A scenen. Alle dei tre finalistane presenterte to nummer kvar, med ein religiøs folketone som første innslag og slåttetralling som det andre.
Finalistar i Vokal klasse A var:

Finalistar Vokal ALars Fivelstad SmaabergSilje Risdal LiahagenSynnøve Brøndbo Plassen. Foto: FolkOrg/Hans Hjemdal.
Kvelden vart runda av med finalen i Halling klasse A, der jubelen frå publikum nådde nye høgder. Debutanten Håkon Aasen hadde dansa seg heilt fram til finalen, der han møtte den røynde valdrisen Ådne Geicke Kolbjørnshus. Den tredje finalisten var Torjus Westeng Bakken frå Gransherad, som trass ung alder har etablert seg som ein av dei fremste hallingdansarane i landet.
Finalistar i Halling klasse A:
Vinnarane av dei tre finaleklassene – og kongepokalvinnaren i Dans fele klasse A – blir kunngjorde under meisterkonserten sundag klokka 12.

Finalistar Halling A. Foto: FolkOrg/Hans Hjemdal
Sist oppdatert
