
Aalesund Folk Festival har fått tildelt 250 000 kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune til årets festival, som går av stabelen 10.–13. september.

Kristina Farstad Bjørdal og resten av styret i den nyoppstarta Aalesund Folk Festival kan juble etter å ha fått ei solid økonomisk støtte frå fylkeskommunen. Foto: Anne Marthe Vestre Berge.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Tildelinga er ei viktig anerkjenning av festivalen sitt arbeid med å skape sterke kulturopplevingar, løfte fram folkemusikken og samle publikum i Ålesund og heile Møre og Romsdal.
– Vi er utruleg glade og takksame for tilliten Møre og Romsdal fylkeskommune viser oss gjennom dette vedtaket. Støtta betyr mykje for festivalen og gjer oss betre rusta til å gjennomføre eit godt og innhaldsrikt arrangement i september, både for Ålesund, fylket og dei tilreisande frå heile landet, seier leiar Kristina Farstad Bjørdal.
Ho understrekar at styret vil forvalte midlane med stort ansvar.
– Vi set æra vår i å bruke denne støtta på ein måte som kjem både artistar, publikum, frivillige og lokalsamfunnet til gode, seier Bjørdal.
Målet deira er å skape ein varm, levande og inkluderande festival som gir rom for både tradisjon, nye uttrykk og gode møte mellom menneske.
Aalesund Folk Festival blir arrangert 10.–13. september og byr på folkemusikk, kulturprogram og aktivitetar for ulike aldersgrupper.

Jo Asgeir Lie er årets festivalkomponist.
Dei første artistsleppa for festivalen har alt vore, og det er gjort kjent at Jo Asgeir Lie er årets festivalkomponist og at gruppa Kvarts, som han er medlem i, kjem. Resten av programmet kjem i løpet av sommaren.
Sist oppdatert
