Folkemusikk logo
Logo

Gunnlaug Lien Myhr får Egil Storbekkens Musikkpris

Gunnlaug Lien Myhr frå Hallingdal er tildelt Egil Storbekkens Musikkpris 2026. Ho får den nasjonale heidersprisen for den mangeårige innsatsen sin for å revitalisere langeleiktradisjonen og for arbeidet med folkemusikk og folkedans.

Gunnlaug Lien Myhr får nok ei gjæv utmerking. Foto: Torunn Akersveen Lied.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Egil Storbekkens Musikkpris blir i år delt ut for 21. gong. Prisen er oppretta til ære for musikaren, komponisten og kulturberaren Egil Storbekken, og blir delt ut i samarbeid mellom NOPA, Norsk Lur- og Bukkehornlag, Tolga kommune og familien Storbekken.

Gunnlaug Lien Myhr (f. 1961) kjem opphavleg frå Gol og bur i dag på Torpo i Ål kommune. Sidan byrjinga av 1990-talet har ho lagt ned eit omfattande arbeid for å revitalisere langeleiktradisjonen i Hallingdal, som då var nær ved å døy ut. Ho er òg ein framifrå kvedar og folkedansar, og har ei brei utøvarbakgrunn på langeleik og fleire andre folkemusikkinstrument.

Særleg har Myhr gjort ein stor innsats for folkemusikken og folkedansen i lokalmiljøet i Hallingdal, ikkje minst retta mot born og unge. Som folkedansar har ho vunne Landskappleiken fire gonger.

I 2022 vart ho utnemnd til heidersmedlem i FolkOrg, og i 2025 fekk ho prisen for folkemusikk og folkedans frå Stiftinga for folkemusikk og folkedans.

På byrjinga av 1990-talet tok Myhr initiativ til å hente inn Aud Søyland som instruktør i langeleikspel for å byggje opp att langeleiktradisjonen i Hallingdal. Seinare starta ho undervisning i langeleik for born og unge på ungdomshuset Hugnadheim på Torpo. Revitaliseringsarbeidet har bore frukter, og langeleiken har igjen fått ein sterk posisjon i dalføret og blir ført vidare til nye generasjonar.

Tiriltunga var mellom anna med på dette fjernsynsprogrammet frå Landskappleiken i Sogndal i 1987. Trykk på bildet for å sjå.

Som kvedar var Myhr med i den nyskapande vokalgruppa Tiriltunga, som vart skipa på 1980-talet og gav ut tre plater. Seinare har ho gjeve ut fire album åleine eller saman med andre utøvarar.

I 2015 gav ho ut boka Folkesong i Hallingdal, som inneheld meir enn 600 songar frå 110 songkjelder i Hallingdal. Sidan 2025 har ho arbeidd med innsamling av tradisjonsstoff og registrering av lausdansarar i Hallingdal.

Juryen omtalar Myhr som ein særs allsidig utøvar og pedagog, og peikar på den store innsatsen hennar for å ta vare på og vidareføre tradisjonane.

Prisen blir delt ut på Tolga laurdag 25. juli klokka 19.30 i kulturhuset Vidarheim.

Fakta: Egil Storbekkens Musikkpris

Prisen blir delt ut for 21. gong i 2026.

Han er oppretta til ære for musikaren, komponisten og kulturberaren Egil Storbekken.

Prisen er eit samarbeid mellom NOPA, Norsk Lur- og Bukkehornlag, Tolga kommune og familien Storbekken.

Prisvinnaren får 25 000 kroner og eit kunstverk.

Prisen kan gå til utøvarar, komponistar eller instrumentmakarar som har gjort ein særleg innsats for eldre folkemusikkinstrument, tussefløyta, Egil Storbekkens musikk eller utvikling av slike instrument.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024