Folkemusikk logo
Logo

Førdefestivalen opna med fred som bodskap

Fred er det overordna temaet for Førdefestivalen 2026, som har vore i full sving sidan onsdag . Med artistar frå ei rekkje konfliktområde og sterke norske produksjonar vil festivalen bruke musikken som møteplass i ei uroleg tid.

Brigitte Blomlie er ein av mange folkemusikk- og folkedansstjerner på årets Førdefestival, i framsyninga Taus i lag med Silje R. Liahagen, Sondre Meisfjord og Thomas Eriksson. Foto: Kriistin Opdan.

Tekst: Redaksjonen

– Ting er ikkje som dei skal i verda. Krig, våpenkappløp og konflikt er den nye normalen. Vi ser ei aukande polarisering og eit internasjonalt dialogklima som hardnar til. Det er då vi må snakke om fred, skriv festivalsjef Sølvi Lien i si opning til årets festival. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Les heile programmet til Førdefestivalen her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Ho peikar på at musikk og kunst ikkje fjernar konfliktar, men kan skape rom for dialog, forståing og fellesskap.

– Musikken bind oss saman på tvers av språk, kultur og politiske grenser. Når det er mørkt rundt oss, treng vi ein song å nynne på, eller å syngje saman, for å finne styrke og meining, skriv Lien.

Ho viser også til Førdefestivalen si lange historie som møteplass for musikarar frå heile verda.

– På førdefestivalsk kunne vi sagt at det beste våpenet er å sitje ned og spele saman. Eller å danse saman, syngje saman og lytte saman.

Sølvi Lien. Foto: https://www.fordefestival.no/program

Årets festival samlar artistar frå ei lang rekkje land, mellom anna Bosnia-Hercegovina, Serbia, Ukraina, Polen, Syria, Iran, Irak, Burkina Faso, Malawi, Gambia, Sør-Afrika, Colombia, India, Storbritannia, Skottland, Sverige, Galicia og Catalonia i Spania, i tillegg til ei stor rekkje norske utøvarar.

Sterk norsk profil

Det norske programmet spenner frå tradisjonell folkemusikk til nyskapande scenekunst.

Frå Frikars Voluspå. Foto: Antero Hein

Eit av dei største prosjekta er urpremieren på FRIKAR – Voluspå, der Hallgrim Hansegård og ensemblet hans tek utgangspunkt i det norrøne Voluspå-diktet. Gjennom folkedans, akrobatikk, levande musikk og visuelle effektar blir den gamle skapingsforteljinga knytt til vår eiga tid med klimakrise, splitting og utanforskap som bakteppe.

Publikum får også møte ferske landskappleiksvinnar Helga Myhr, som presenterer nytt solorepertoar frå Hallingdal i den intime konsertserien «Tett på».

Gammaldanspublikummet kan glede seg over veteranane i Hått, som etter 17 år er klare med nytt album og inviterer til dansekveld saman med Småviltlaget og det polsk-ukrainske ensemblet HrayBery.

Pumpegris. Foto: https://www.fordefestival.no/program

Den elektroniske folkemusikken har òg fått sin plass. Kenneth Lien & Center of the Universe blandar hardingfele, munnharpe og tradisjonsslåttar med house og techno, medan Pumpegris, som fekk sitt gjennombrot i fjor, byr på energisk folkemusikk med innslag av både rap, funk og vestafrikanske rytmar.

Blant dei andre norske høgdepunkta finn vi danseframsyninga TAUS, den tverrkunstnarlege produksjonen Den lange vandringa med Benedicte Maurseth og Olav Strand, Spellemannprisvinnarane Qvam/Plassen, Høgemo/Viken, Gabriel Fliflet, Lajla Storli, Folksomt, Áhpparas, Vera & Martin, Sindre & Co og fleire av landets fremste spelemannslag.

Artistar frå heile verda

Det internasjonale programmet speglar festivaltemaet på fleire måtar. Publikum får mellom anna oppleve den bosniske sevdah-songaren Amira Medunjanin, den ukrainsk-kanadiske gruppa Daughters of Donbas, den syriske artisten Jawa, iranske Rastak, burkinske Kanazoé Orkestra, malawiske Gasper Nali Band, colombianske La Perla, skotske Kinnaris Q, britiske Sam Lee, galisiske Caamaño & Ameixeiras, katalanske El Pony Pisador, samt Parveen & Ilyas Khan, som representerer indiske og franske musikktradisjonar.

Festivalen får òg besøk av Seckou Keita, som markerer 30 år som artist med gjester, mellom andre Lajla Storli og Olav Torget.

Med temaet «Fred!» ønskjer Førdefestivalen å løfte fram musikken som ei kraft for dialog og samhald.

– Sjølv om det ikkje er fred rundt oss, kan musikk skape fred i menneske. Om ikkje alltid i tydinga fråvær av krig, så fred i sinn, i kroppen og i fellesskapet, skriv festivalsjef Sølvi Lien.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024