
I år er det 40 år sidan den første Landsfestivalen vart arrangert i Førde i 1986, og jubileet blir markert med rekordstor deltaking. Mellom 29. juli - 2. august 2026 blir Vågå sentrum fylt med musikk, dans og folkeliv når Landsfestivalen i gammaldansmusikk inviterer til jubileumsfestival.

Vågå Trekkspelklubb er arrangørlaget for årets landsfestival. Foto: Thomas Westling.
Tekst: Pressemelding
Med 1 007 deltakarar fordelt på 304 startnummer, og meir enn 70 grupper og lag som skaper liv med dansespel og minikonsertar utanom tevlingane, blir heile Vågå fylt av levande gammaldansmusikk gjennom fem festivaldagar.
Du finn startlistene her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Gjennom fleire tiår har Vågå vore vertskap for store folkemusikkarrangement. Under Landsfestivalen i år blir sentrum igjen forvandla til ein levande festivalarena. Med festivalområdet sentralt i sentrum vert det kort veg mellom tevlingar, konsertar, butikkar og kafear, og gammaldansgrupper og lag vil fylle gatene med musikk og god stemning.
Superfestivalen, som er borna sin arena for song, spel og dans er høgdepunktet laurdag formiddag, medan buskspelet vil prege bygda frå morgon til kveld.
- Vi gler oss stort til å ønskje heile gammaldans-Noreg velkomen til Vågå. At vi i jubileumsåret kan ønskje velkomen til rekordstor deltaking, er både inspirerande og gledeleg. Heile bygda har førebudd seg lenge på å ta imot gjester frå heile landet, og vi håpar både deltakarar og publikum vil oppleve den gode stemninga, gjestfridomen og alt det festivalen har å by på, seier Arne Stasviken, leiar i hovudkomiteen for Landsfestivalen 2026.

Landsfestivalen i gammaldansmusikk er den største nasjonale møteplassen for alle som har eit hjarte for gammaldansmusikken. Kvar sommar samlar festivalen fleire tusen musikarar, dansarar, frivillige og publikummarar frå heile landet til fem dagar med god musikk, dans, tevlingar, buskspel og gode møte.
Festivalen er ein stad der tradisjonar blir haldne levande, nye generasjonar finn vegen inn i miljøet, musikalske samarbeid og ikkje minst nye venskap blir skapt på tvers av alder og landsdelar.
Noko av det som gjer Landsfestivalen heilt unik, er at publikum kan danse til nesten alle tevlingane. Frå klokka 09.30 om morgonen til klokka 02.00 om natta, gjennom heile festivalen, er det levande gammaldansmusikk.
Medan musikarane tevlar på scena, er dansegolvet ope for alle. Dermed blir tevlingane ikkje berre ein konkurranse, men levande dansearenaer der publikum kan oppleve musikken slik han er skapt for, nemleg til dans.
Dansepeloversiktene finn ein her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Jubileumsfestivalen byr på fleire store kulturopplevingar utanom tevlingane. Onsdag kan publikum oppleve jubileumsopninga som markerer 40-årsjubileet, og fredag kveld står den nyskapande storkonserten «Heilt øre -ein gammaldansfantasi» på programmet. Dette tingingsverket, som er skapt av Vegar Vårdal og Mette Vårdal, tek publikum med på ei musikalsk reise gjennom gammaldansmusikken.
Gjennom nyskriven musikk, tradisjonelle slåttar, song, dans og forteljingar blir publikum tekne med inn i gammaldansmusikken si historie og uttrykk. På scena medverkar profesjonelle musikarar, lokale krefter, ungdom og born i ei storslått framsyning som berre kan opplevast under Landsfestivalen.
Det vert òg heile fire plateslepp undervegs i årets festival, og her får vi oppleve breidda i dagens tradisjonsmusikk. Plateselskapet Melovitten lanserer Læt te dans med Skultbakkalaget og Ettsleppen med duoen Leif Inge Schjølberg og Dag Gården.
I tillegg inviterer plateselskapet Aksent til dobbel platelansering med Slåttar frå Sunnfjord II med Naustedalen Spelemannslag og Danser i gammel stil av Oluf Melvold med Håvard Svensrud Ensemble.
Rekruttering står òg sentralt under Landsfestivalen. I tillegg til song- og danseaktivitetar for alle, vert det for andre år på rad samling for Landsfestivalen juniorspelemannslag. Her får born og unge frå heile landet høve til å delta på tvers av lag og landsdelar.
Gjennom lydopptak og notar som har vore tilgjengelege i forkant, har deltakarane førebudd seg til samlinga. Målet er å inspirere nye generasjonar til å ta del i gammaldansmusikken, utvikle seg musikalsk og skape nye vennskap med born og unge frå andre plassar i landet.
Festivalen blir avslutta med den tradisjonsrike meisterkonserten sundag. Her blir dei beste utøvarane i finaleklassane heidra, og publikum får endeleg vite kven som vinn dei ulike klassane. Meisterkonserten er slik ei fin avslutning på festivalen.
Programmet for Landsfestivalen finn ein her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Eg veit at desse dagane me er saman i Vågå blir fylte med gode musikalske opplevingar, inspirerande møte, danseglede og minne som varar lenge etter at festivalen er over. Her lyer me, her spelar og dansar me, her er me saman. Det er fellesskapet om gammaldansmusikken mellom alle aldrar som gjer Landsfestivalen til noko heilt spesielt, og eit høgdepunkt kvart år, seier styreleiar i FolkOrg, Kristian Ihle Hanto.

Kristian Hanto er styreleiar i FolkOrg, som har det overordna ansvaret for Landsfestivalen. Foto: Thor Hauknes/FolkOrg.
Vågå Trekkspelklubb står som arrangør av Landsfestivalen for andre gong. Klubben arrangerte festivalen for første gong i 2022. Mange av dei frivillige og nøkkelpersonane bak festivalen har òg arrangørerfaring frå tidlegare Landsfestivalar og Landskappleikar i Vågå, så det er ingen tvil om at Landsfestivalen også i år er i dei beste hender.
I jubileumsåret 2026 feirar trekkspelklubben sjølv 50 år, og saman med rundt 400 frivillige er dei klare til å ønskje gammaldans-Noreg velkomen til ei ny festivalveke i Vågå.
Tid: 29. juli - 2. august 2026
Stad: Vågå kommune, Innlandet fylke
Jubileum: 40 år sidan den første Landsfestivalen vart arrangert i Førde i 1986. Landsfestivalen har sidan vorte arrangert kvart år bortsett frå pandemiåra 2020 og 2021.
Arrangør: Vågå Trekkspelklubb i samarbeid med FolkOrg.
Vågå Trekkspelklubb arrangerte òg Landsfestivalen i 2022.
NM: Landsfestivalen i gammaldansmusikk tilsvarar Noregsmeisterskap i gammaldansmusikk og det tevlast i solospel, gruppespel, lagspel, samspel, pardans og lagdans. Tevlingane er inndelt i junior og senior. I tillegg har vi SUPERFESTIVAL der dei yngste kan delta med song, spel og dans.
Deltakarar: 1 007 påmeldte (rekordstor deltaking)
Startnummer: 304 fordelt på 16 ulike klassar
Dugnadsspeling: Over 70 grupper og lag skapar liv og musikk på festivalarenaen og i heile Vågå sentrum gjennom festivalveka.
Dans: Publikum kan danse til nesten alle tevlingane. I tillegg skaper over 70 grupper og lag liv på dansegolva gjennom dugnadsspeling i festivalveka.
Høgdepunkt: Tevlingar med over 1000 deltakarar, Opningskonsert med 40 års feiring, tingingsverket Heilt øre -ein gammaldansfantasi, fire plateslepp, Bornas Landsfestival, Landsfestivalen juniorspelemannslag, meisterkonsert og mykje meir til.
Organisering: Landsfestivalen er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Kvart år blir festivalen arrangert av eit lokallag i organisasjonen. I 2026 er Vågå Trekkspelklubb vertskap for arrangementet.
Neste arrangør: Landsfestivalen 2027 blir arrangert på Lampeland i Flesberg kommune av Numedal Spel- og dansarlag og Tradisjonslaget i Kongsberg Trekkspelklubb.
Sist oppdatert
