
Duoen har til saman nær 100 års fartstid som spelmenn. På den nye plata «Ettsleppen» løftar Leif Inge Schjølberg og Dag Gården fram både nytt og gamalt repertoar, arrangert for fele og trekkspel.

Leif Inge Schjølberg og Dag Gården gjev ut plate under Landsfestivalen denne veka. Foto: Ketil Sandviken.
Tekst: Pressemelding
- Stas at det skjer på heimebane!
Leif Inge Schjølberg og Dag Gården har vore aktive i folkemusikkmiljøet i Ottadalen i fleire tiår. Og det er her musikken på plata er henta frå.
- Vi har valt ut slåttar etter sentrale tradisjonsberarar frå dalføret vårt. Vi kan nemne Kristen Vang, Rikkar Skjelkvåle, Petter Eide, Pål Skogum og Kristian Gården. Men brorparten av repertoaret har vi nok laga sjølv, fortel trekkspelar Dag Gården. – I tradisjonell stil, riktig nok, legg han til.
Gjennom mange år har Gården arbeidd med å arrangere folkemusikk for fele og trekkspel, noko som pregar uttrykket på plata. Repertoaret spenner frå bygdedansmusikk til runddansmusikk.
- Vi har prøvd å setje saman ei variert plate med både polka, lyarslåttar og fleire andre slåttetypar, seier Leif Inge Schjølberg.
Schjølberg har i ei årrekkje vore aktiv som dansespelemann, særleg gjennom samarbeid med Visdals kvintett. Under Landsfestivalen i gammaldansmusikk, som er på heimebane i Vågå i år, skal Leif Inge mellom anna leie Vågå spelmannslag i tevling.
Men før det, torsdag 30. juli, inviterer duoen til lanseringskonsert på Sve.
«Ettsleppen» blir i første omgang gjeven ut på CD. Seinare i august kjem plata også på dei digitale strøymetenestene.
Produksjonen blir gjeve ut på det vågåbaserte plateselskapet Melovitten.
Sist oppdatert
