Folkemusikk logo
Logo

Håvard Svendsrud løfter fram musikken til «Østerdalens Strauss»

Trekkspelaren Håvard Svendsrud er aktuell med albumet Danser i gammel stil av Oluf Melvold, ei ny innspeling med musikk av den produktive gammaldanskomponisten Oluf Melvold. Utgjevinga blir markert med plateslepp under Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Vågå laurdag 1. august.

Håvard Svendsrud og ensemblet hans slepper plate under Landsfestivalen i Vågå. Foto: Aksent.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Oluf Melvold (1843–1897) blir rekna som ein av dei viktigaste komponistane innan norsk gammaldans. Med om lag 300 komposisjonar etterlet han seg eit omfattande repertoar, tydeleg inspirert av wienermusikken, noko som har gjeve han tilnamnet «Østerdalens Strauss».

No gjev plateselskapet Aksent ut albumet Danser i gammel stil av Oluf Melvold med Håvard Svendsrud ensemble. Albumet blir lansert under Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Vågå 1. august.

Trekkspelaren Håvard Svendsrud har gjennom plateselskapet Aksent arbeidd med å dokumentere og formidle tradisjonsmusikk frå ulike delar av landet. Den nye utgjevinga er ei vidareføring av dette arbeidet.

På innspelinga har Svendsrud med seg Bente Midtsveen på trekkspel, Arvid Engegård og Mari Lerseth på fiolin, Ingvill Hafskjold på klarinett, Ole Christian Haagenrud på piano og Svein Haugen på kontrabass.

Albumet vart spela inn i juni 2026, med Audun Strype som ansvarleg for opptak, miks og mastering. Utgjevinga kjem både som CD med eit teksthefte på 24 sider og på digitale strøymetenester. Prosjektet har fått økonomisk støtte frå Kulturdirektoratet og Fond for utøvande kunstnarar.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024