Folkemusikk logo
Logo

Meisterkonserten ventar etter sterke tevlingar i lag- og gruppespel

Etter to dagar med lagspel og gruppespel er scena sett for meisterkonserten på Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Vågå. Sundag klokka 12 møtest dei fremste laga og gruppene frå innleiande tevlingar for å kjempe om meistertitlane.

Kjorstad, Odde & Thorud er ei av gruppene som blir å høyre under meisterkonserten. Foto: Thomas Westling.

Tekst: Redaksjonen

Gruppespelklassa har fått eit etterlengta oppsving i år. Heile 47 grupper stilte til start, den høgaste deltakinga på mange år. Det er eit tal som nærmar seg storheitstida kring 1990, då klassa jamleg samla over 50 grupper. Under rekordfestivalen i Vågå i 1991 deltok heile 64 grupper.

Kompani Byre har jamt vore i toppen dei siste åra. Kanskje vinn dei i år òg? Foto: Thomas Westling.

Til meisterkonserten har dommarane peika ut Kjorstad, Odde & Thorud, Kompani Byre og Skrot. Kjorstad, Odde & Thorud består av Svein Ove Brun, Eivind Kjorstad, Mads Erik Odde, Bjarne Odde og Geir Marius Thorud. Kompani Byre har Geir Byre, Thomas Lomundal, Mads Erik Odde, Ola Nesset, Thomas Nilssen og Marius Westling på laget, medan Skrot består av Ane Stakston Aasen, Vegard Hansen, Semon Harerusten, Steinar Odde, Ragna Valde Sletten og Gro Visdal.

Skrot vann gruppespel! Foto: Thomas Westling.

Fleire av musikarane har markert seg sterkt gjennom gruppespeltevlinga. Mads Erik Odde er representert i to av dei tre gruppene som skal spele meisterkonsert, medan Bjarne Odde og Ola Nesset begge er med i fleire grupper som hevda seg i toppen av resultatlista.

Mukampen er eitt av tre lag som står att når det heile skal avgjerast under Meisterkonserten. Foto: Kjersti Bratås.

I lagspel for fele og hardingfele er det Lom Spelmannslag, Mukampen Spelmannslag og Østerdølenes Spellmannslag som har kvalifisert seg til meisterkonserten. Bak desse følgde Sør-Fron Spelmannslag, Gamlebanken Spelemannslag og Vågå spelmannslag.

Lom spelemannslag vann Landskappleiken. Kan dei ta ein dobbel i år? Foto: Kjersti Bratås.

Kven som kan kalle seg landsmeisterar i lagspel og gruppespel, blir avgjort når meisterkonserten går av stabelen søndag klokka 12.

Marit Westling har leia Østerdølenes sidan slutten av 1980-talet. No er dei attende i topp 3-sjiktet. Foto: Kjersti Bratås.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024