
No er Meisterkonserten i gang på Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Her oppdaterer vi fortløpande med finalevinnarane.

Skrot vann gruppespel! Foto: Thomas Westling.
Tekst: Redaksjonen
Fotoreportasjen blir oppdatert gjennom premieutdelinga.
Kongsberg Trekkspillklubb tek 3. plassen i lagspel durspel/trekkspel og får diplom og 2.000 kroner.

Foto: Thomas Westling.
Hans Sandum frå Mukampen spel- og dansarlag får 3. premie, diplom og 1000 kroner. Han kvitterte med ein eigen komposisjon "Ljose i luggen".
.jpg)
Foto: Thomas Westling.
Jørn Kjetil Solbakken frå Vågå trekkspelklubb tek 3. plassen og 1000 kr. Solbakken spelte "Nytt frå bygdom", ein polka av Oddvar Nygaard.
.jpg)
Foto: Thomas Westling.
Dag Gården og Leif Inge Schjølberg frå arrangerbygda blir tildelte 3. premie og ein sjekk på 1000,- Dei kvitterte med "Magnhild" av Leif Inge Schjølberg.

Foto: Thomas Westling.
Kåre Magnus Vaterland frå Skåbu og Mukampen spelmannslag får 3. premie og diplom på 1000,- Han spelar "Satsmasurka" etter Edvard Martinsheimen".

Foto: Thomas Westling.
Emil Horstad frå Naustedalen spelemannslag tek 3. plassen og får eit diplom på 1000,- Han kvitterte med Reinlender i form etter Oluf Melvold.

Foto: Thomas Westling.
Kjorstad, Odde & Thorud får 3. premie i gruppespel og diplom på 2000,- På meisterkonserten framførte dei reinlender etter Sylfest Bø med tittelen Sullilulliluppen.

Foto: Thomas Westling.
Mukampen Spelmannslag tek 3. plassen i lagspel fele/hardingfele og får med seg 2000,- heim til Midt-Gudbrandsdalen. Dei framførte reinlender etter Asmund Kvehaugen.

Foto: Kjersti Bratås.
Silja Lid Strysse frå Kongsberg spel- og dansarlag og Kongsberg Trekkspelklubb får 2. premie og 2000,- Ho spelte deretter Grønlireinlender etter Herman Liahagen.
.jpg)
Foto: Thomas Westling.
Britt Elise Skram frå Spelmannslaget Dåm og drag tek 2. plassen og 2000,- Ho tok deretter ein vals etter Jens Synnes.
.jpg)
Foto: Thomas Westling.
Vågå Trekkspelklubb, arrangørlaget, blir nummer to og får diplom på 3000,- Dei speler "Leiken min" av Øyvind Sandum under leiing av Rikard Odnes.

Foto: Thomas Westling.
Simen/Silja, som består av Simen Håland og Silja Lid Strysse får 2. premie og 2000,- På meisterkonserten spelte dei ein hamborger av Simen Håland og Erik Grøna.

Foto: Thomas Westling.
Vegard Kvestad frå Osterøy spel- og dansarlag/Osterøybelgen blir nummer to og får med seg eit diplom på 2000,- Han spelar "Migemaur" av Kristoffer Kleiveland på meisterkonserten.

Foto: Thomas Westling.
Thomas Nilssen frå #Hedmark tek 2. plassen og 2000,- Han spelar vals etter Torvald Trondsgård.

Østerdølenes Spellmannslag blir tildelt 2. premie og 3000,- Dei kvitterte med ein skotsk etter Alf Eriksen.

Foto: Kjersti Bratås.
Under premieutdelinga blir det også retta ei takk til arrangøren av årets Landsfestival. Arne Stasviken, leiar for hovudnemnda, nytta høvet til å takke både alle frivillige og FolkOrg for jobben dei har lagt ned.
Samstundes blir det ønskt velkomen til Landsfestivalen i 2027. Anders Ness er leiar for Landsfestivalen neste år som blir arrangert med Kongsberg Trekkspelklubb og Numedal spel- og dansarlag. Han hadde illustrert dette med å ha med seg ei lampe på scenen, for neste år skal festivalen arrangerast på Lampeland.
Valdres FolkemusikkUNG vinn lagdans junior. Ogndalsvegen 141 med venner går til topps i lagdans senior.
Simen Fjeldberg Håland frå Mukampen spel- og dansarlag vinn durspel senior og 3000,-
.jpg)
Foto: Thomas Westling.
Ottadalsbelgen vinn lagspel durspel/trekkspel og får diplom og 5.000 kroner.

Foto: Thomas Westling.
Ole Erik Feragen frå Brekken spell- og danselag går heilt til topps i fele/hardingfele senior.
.jpg)
Foto: Thomas Westling.
Terje Rusten frå Mukampen spel- og dansarlag vinn klassen.

Foto: Thomas Westling.
Lom Spelmannslag tek sigeren i lagspel fele/hardingfele.
.jpg)
Foto: Kjersti Bratås.
Nilssen/Westling vinn samspel senior.

Foto: Thomas Westling.
Det blir delt ut tre premiar i pardans senior:

Foto: Kjersti Bratås.
Live Sulheim Viken frå Lom spel- og dansarlag vinn Super Junior.

Foto: Thomas Westling.
Kompani Byre blir nummer to i gruppespel.

Andreplassen gjekk til Kompani Byre. Foto: Thomas Westling.
Skrot går heilt til topps og vinn klassa! I tillegg til diplom og 5.000 kroner får gruppa tilbod om showcase under Folkelarm og speleoppdrag på Førdefestivalen.

Foto: Thomas Westling.
Sist oppdatert
