Folkemusikk logo
Logo

13 år i festivalsjefstolen

Då Kristoffer Mosfjeld kom til Bø som student i 2008, hadde han lite forhold til folkemusikk og hardingfele. Tretten år som festivalsjef for Telemarkfestivalen seinare er både bygda, festivalen og folkemusikken blitt ein viktig del av identiteten hans.

Nøgd festivalsjef: Kristoffer Mosfjeld har sete i sjefsstolen for Telemarkfestivalen i 13 år. Foto: Knut Utler.

Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Kristoffer Mosfjeld vaks opp i Birkeland på Sørlandet, men det var som student i Bø at han fann både eit nytt lokalsamfunn og ein musikksjanger som skulle kome til å prege store delar av yrkeslivet hans.

Gjennom engasjement i Bø Jazzklubb og som frivillig under Telemarkfestivalen fekk han tidleg innblikk i folkemusikkmiljøet.

– Det var møtet med folkemusikken og hardingfela. Det var litt nytt for meg då eg kom til Bø. Eg forstod raskt at folkemusikken er ein sjanger som rommar mykje. Det å kome inn på Asylet og høyre på Knut Buen og Dag Solstad som frivillig på Telemarkfestivalen, var ei spesiell oppleving, fortel Mosfjeld.

Etter kvart voks interessa seg sterkare.

– Eg opplevde folkemusikken som ein genuin og innhaldsrik sjanger.

Les programmet til Telemarkfestivalen her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Frå frivillig til festivalsjef

Mosfjeld vart gradvis meir involvert i festivalorganisasjonen, og i 2013 fekk han tilbod om å overta som festivalsjef. Tretten år seinare er han den som har hatt vervet lengst i Telemarkfestivalens historie.

Stolt vinnar av pris som Årets folkemusikkarrangør i 2023. Foto: Anders Lillebo

Sjølv om han framleis kan bli minna på at han ikkje er fødd telemarking, kjenner han seg heime i Bø.

– Eg har etablert meg her med barn og kone, så her blir vi verande. Eg trur dei fleste assosierer meg med folkemusikkfestivalen, så det er fint. Det er ein tydeleg identitetsmarkør.

Då han tok over som festivalsjef, møtte han oppgåva med stor audmjukskap.

– Eg tok imot mange tips i starten – kanskje litt for mange, men no har eg meir eigne tankar og idear om det kunstnariske programmet. Det er ikkje nokon fasit på kva folkemusikken er. Det finst mange uttrykk, og eg er oppteken av at alt skal få plass på Telemarkfestivalen.

Verdien av kontinuitet

Mosfjeld meiner kontinuitet er ein viktig styrke for ein festival. Medan mange festivalar byter leiarar ofte, peikar han på at lang fartstid gir moglegheit til å byggje kultur, nettverk og retning over tid.

– Når det kjem ein ny leiar, skal vedkomande gjerne teste ut sine eigne ting. Då kan det gå litt i rykk og napp. Har ein kontinuitet, får ein eit momentum der ting utviklar seg meir naturleg.

Når han ser tilbake på den ferske festivalsjefen i 2013, er det ikkje mykje han ville gjort annleis.

– Det er lett å seie at ein burde ha vore tryggare på eigne val, men mykje kjem med erfaring. Eg trur ikkje eg ville endra så mykje. Vi er nøgde med festivalen no, og har eit bra lag av frivillige og eit godt program.

Rykande fersk festivalsjef i 2013. Foto: privat.

Frå idé til ferdig konsert

Blant dei mange hundre konsertane han har programmert, er det særleg eitt aspekt av arbeidet som har gitt han størst glede: å utvikle nye produksjonar frå idé til scene.

– Eg er veldig glad i å skape eigne arrangement og følgje idear heilt fram til ferdige produkt. Særleg bestillingsverka er spennande. Å følgje ein artist frå idéfase og fram til ferdig konsert er veldig stas.

Eitt prosjekt skil seg spesielt ut.

– Tingingsverket med Resjemheia i 2015 var ei stor oppleving. Det var det første tingingsverket som eg liksom hadde begge henda på rattet på, så den heng høgt. Det er fint å sjå at slike bestillingsverk får eit liv også etter festivalen, med innspelingar og nye konsertar.

I arbeidet med programmet har han etter kvart lært seg å lytte til magekjensla.

– Eg stolar på magekjensla når vi vel artistar. Samtidig ser vi etter tematiske knaggar, jubileum eller andre historier vi kan byggje programmet rundt.

Sterkare lokal profil

Dei siste åra har Telemarkfestivalen styrkt både økonomien og den kunstnariske profilen. Pandemien vart eit naturleg vendepunkt.

– Då fekk vi ei ufrivillig pause som gav oss tid til å tenkje gjennom kva Telemarkfestivalen skal vere. Vi har utvikla ein tydeleg strategi for programmeringa, og vi jobbar med å forankre festivalen lokalt.

Han trekkjer fram både vekst i omsetning og nye konsertarenaer som viktige resultat av arbeidet.

– Vi er opptekne av å finne arenaer som kler musikken. I 2024 gjorde vi pakkhuset ved Bø stasjon om til konsertarena under 200-årsjubileet for stasjonen. I 2026 har vi etablert Bakgården, der eg har kontor saman med Bø Jazzklubb, som ein ny klubbscene som gir mange moglegheiter.

Samtidig har festivalen blitt meir medviten på sin eigen identitet.

– Programprofilen med fokus på Telemark har vorte tydelegare. Vi prøver å løfte fram det heilt lokale mest mogleg, samstundes som vi hentar inn både nasjonale og internasjonale artistar. Vi kombinerer tradisjonell folkemusikk med meir sjangerblanda uttrykk. Det har blitt ei fin greie.

Blikket framover

Trass i tretten år som festivalsjef er Mosfjeld framleis motivert av å oppdage ny musikk og skape nye møte mellom tradisjon og samtid.

No ser han fram mot 2028, når Landskappleiken kjem til Bø.

– Det blir ei fin innramming av sommaren, der vi startar med Landskappleiken og avsluttar med Telemarkfestivalen.

Og så lenge det framleis finst ny musikk å oppdage, ser han lyst på framtida i rolla som festivalsjef.

– Det finst mykje fin musikk der ute som vi ikkje har fått høyre enno. Det er fint å kunne bringe den til Bø og leggje til rette for nyskaping. Så lenge det er gøy å finne ny musikk, er dette ein jobb eg trivst svært godt med.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024