

Kalottspel samlar folkemusikarar frå heile Nordkalotten til festival i Målselv. I denne vekas fredagsprat møter vi dagleg leiar Nina Fjeldet til ein prat om musikken, miljøet og møta som oppstår når festivalen går av stabelen.

Nina Fjeldet er frilansmusikar og festivalsjef i tillegg til aktiv kappleiksutøvar. Her frå Landskappleiken i Lom i 2023. Foto: Anders Lillebo / FolkOrg.
Tekst: Kjellbjørn Karsrud
I spalta fredagspraten møter me ein folkemusikar til ein uformell prat. Du finn tidlegare fredagspratar her. Lenke til et annet nettsted.
– Kva gler du deg aller mest til når festivalen endeleg opnar?
– Det er å helse på og vere i lag med dei som er her. Ein planlegg festival i lang tid, og så kjem veka, og då begynner det å myldre inn med folk allereie på måndagen. Då er det dugnad, og ein liten sliten barneskule blir gjort om til ein festivalarena. Folk som kjem hit seier dei kjem «heim att», det er fint!
– Korleis ser ein typisk festivaldag ut for Nina Fjeldet? Får du eigentleg med deg nokre konsertar?
– Å få med seg det meste står i høgsetet. Vi har eit program der det skal vere mogleg å få med seg alt som skjer. Det er ein hektisk dag som begynner tidleg og avsluttar seint. Mange inntrykk med mange smil og mykje latter.

Nina Fjeldet og ein liten versjon av Målselv spelemannslag. Dette er frå Kalottspel 2015 og seminfinale i IntroFolk. Frå ventre: Lars Erik Løvhaug, Siv Holmin, Roald Renmælmo, meg, Ragnar Storjord, Roald Haugli, Terje Foshaug. Foto: Odd-Inge Larsen.
– Kalottspel har eit særpreg blant norske folkemusikkfestivalar. Kva meiner du gjer festivalen unik?
– Eg trur på den eine sidan at det har med storleiken og lokasjonen til festivalen å gjera. Det er ein festival som famnar nokså breitt med store ringverknader. Samtidig er det ein liten festival på ein liten plass. Alt er tufta på frivilligheit, det er nært og koseleg.
– Det er den einaste festivalen som har Nordkalotten som nedslagsfelt. Det er eit fokus austover med samarbeid med andre i Nordkalotten, i Sverige og Finland. Dette er eit venskap som går attende til 1970 då finske og svenske spelemenn vart invitert hit for første gong. Akkurat då du ringte kom Christen Wallin, ein sentral figur i folkemusikkmiljøet i Luleå og Nord-Sverige inn døra, han har vore med på Kalottspel i mange tiår.
– Festivalen samlar folk frå fleire tradisjonar og kulturar i nordområda. Kor viktig er denne møteplassen i dag?
– No kan ein høyrest ovanpå ut, men eg trur Kalottspel er frykteleg viktig. Det er mange satellittar rundt om i Nord-Noreg med godt miljø, men det er Kalottspel som er møtepunktet. Det er her folk samlast, møtest og vidareformidlar felles repertoar. Her er det ikkje nokon tradisjon for å reise på kappleik, men å reise på spelemannstreff. Kalottspel er saman med Folkemusikk Nord ein produserande aktør, som står bak mange nye produksjonar og ikkje minst kursrekker.
Namn: Nina Fjeldet
Fødd: 1985
Kjem frå: Gausdal
Bur i: Målselv
Yrke: Dagleg leiar for Kalottspel / frilansmusikar
– Kvifor spelar du?
– Fordi det er jævla artig! Det er det som er livet. Eg var med på leikøvingar med mor og far i den lokale leikarringen, der Gausdal spelmannslag sat på scena og spelte Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Litt tilfeldig fekk eg prøve ei fele. Det var ein augeopnar då eg fekk nyss i at det var eit juniorspelemannslag på Lillehammer, og eg skjønte at det var fleire ungar enn meg som spelte fele, så det var eit «point of no return».
– Kven er dei fremste læremeistrane dine?
– Eg gjekk i musikkskulen, og dei første åra spelte eg med Caspar Schärer frå Tynset. Hjå han fekk eg lov til å spele folkemusikk og gamaldans. Elles vil eg trekke fram gamlekarane i spelemannslaget. Når dei skjønte at eg ville vere med, så la dei opp heile øvinga så eg kunne henge på. Dei lurte på kva eg ville, så la dei opp repertoaret på øvinga etter det. Må nevne spesielt Kjell Stormoen, Arnfinn Reiten og Knut Rognstad der. Seinare begynte eg på Vinstra og mellom anna fekk spele med Nina Furuli, Bjørn Odde og Vegar Vårdal. Også gjekk eg Kallekursen i Malung med Kalle Almløf, det var inspirerande!

Nina Fjeldet har mellom anna studert folkemusikk på Vinstra, Rauland og Ole Bull Akademiet, og har sidan jobba mykje som frilansmusikar i ulike prosjekt. Her frå Ômvesla for eit par år sidan. Foto: Dan Gschib.
– Kva var den siste folkemusikk- eller folkedansehendinga du var på?
– Eg har akkurat vore på eit seminar om Johan Nymo, der eit utvida Målselv spelemannslag var med og spelte. Her i bygda er det mange dyktige felespelarar som eg ikkje visst om spelte, som var med. Frykteleg artig! No skal eg snart sjå danseframsyninga Òme og Ethno Arctic, ein verdsomspennande folkemusikkcamp, som er frykteleg stort i mange stader i verda.
– Viss du berre kunne høyrd på ei folkemusikkplate resten av livet – kva for ei hadde det vore?
– Det var eit pyton spørsmål! Eg burde vel finne noko som hadde både spel og song, noko allsidig, men om ein skulle velja, så måtte ein kanskje gå inn i nerdeland med slåttar frå Fron og Gausdal. Men som menneske og folkemusikar er eg frykteleg glad i mykje, så då må det gullboksen frå heile landet! Den til NRK! Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

– Veit du om noko gull frå arkiva du vil tilrå andre å sjekke ut?
– Det er mykje gull her. Det er ein arkiv-CD som Målselv spelmannslag som har vore med og gjeve ut. Der er det bl.a ein fin felespelar som heiter Gunnar Tråsdal. Elles vil eg trekke fram spelemannslaget Fossegrimen, eit av dei fyrste platene som vart gjeve ut på plateselskapet Mai. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. Skikkeleg crazy spelemannslag som er verdt å sjekke ut!
– Kva er den største folkemusikk- eller folkedansopplevinga du har hatt det siste året?
– Då går eg eitt år attende i tid, sundag då Kalottspel var slutt. Alle var slitne og trøytte. Vi hadde mange ungdomskurs her, og då vart eg vekt av eit opptog med ungdommar som spelte gjennom bygget her. Plutseleg står det ein gjeng med ungdommar ute på plassen, og syng og spelar songleikar. Ungdommar i 12-13-årsalderen og oppover.
– Kva skal til for å få fleire til å bli interessert i folkemusikk og folkedans?
– Vi skal drive på slik vi gjer no. Bruke det, spele og leike med det, tulle med det. Så kan nokon av oss rote i arkivet, og andre flyte litt mellom og legge til litt inspirasjon frå andre stader. Så kan vi gå på dansefest. Eg tenkjer vi er på eit bra spor!
Sist oppdatert
