

Andrea Søgnen har sagt ja til å bli leiar for hovudnemnda i Landsfestivalen i gammaldans, som skal arrangerast på Ål i 2028.
.jpeg)
Andrea Søgnen blir leiar for Landsfestivalen i Ål om to år. Foto: Ole Johs. Brye.
Tekst: Pressemelding.
Styret i Ål Spel-og dansarlag er veldig glad for at Andrea har sagt ja. I tillegg til administrativ kompetanse, er ho også ein av dei beste utøvarane på langeleik i Noreg, og kjenner folkemusikk- og folkedansmiljøet svært godt, skriv styreleiar for arrangørlaget Ål spel- og dansarlag, Jo Asgeir Lie.
Ho var fram til våren 2026 koordinator for folkemusikk- og folkedansarbeidet i Hallingdal, og arbeider no i eit vikariat som dagleg leiar for Folkemusikkveka.
Landsfestivalen i gammaldans blir arrangert 2.-6. august i 2028, og Ål Spel-og dansarlag førebur seg på storinnrykk til Hallingdal.
- I Vågå i år var det deltakarrekord, og populariteten til gammaldansen er stadig aukande. Med Andrea Søgnen som leiar for Landsfestivalen gler Ål Spel-og dansarlag seg til å ynskje deltakarar og publikum velkomen til Ål i 2028! seier Jo Asgeir Lie.
Sist oppdatert
