

I 1961 song Hulda Johansen inn viser hos sølvsmed Torleiv H. Bjørgum i Setesdal. No har niesa hennar, Nora Christin Pettersen, spelt inn songane på si første soloplate, med Hallvard T. Bjørgum som medsongar.

Hallvard T. Bjørgum og Nora Pettersen tek utgangspunkt i opptak Torleiv H. Bjørgum gjorde med Hulda Johansen i 1961 på ny plate som kjem på torsdag. Foto: Ford forlag.
Tekst: Pressemelding/Redaksjonen
Torsdag 1. oktober lanserer Nora Christin Pettersen albumet «Dråmen» på Riksscenen i Oslo. Med seg har ho Hallvard T. Bjørgum, som denne gongen har lagt hardingfela til side for å bidra som songar, og musikarane Gjermund Kolltveit og Lars Svanberg Jakobsen.
Bak plata ligg ei historie som går meir enn 60 år tilbake i tid. I 1961 reiste Hulda Marie Kristine Johansen (1918–1985), kalla «tante Stusse» av familien, gjennom Setesdal med følgjet sitt. I Rysstad kom ho i kontakt med sølvsmeden Torleiv H. Bjørgum (1921–1990). Dei inngjekk ein avtale: Hulda skulle syngje inn eit knippe viser på spolebandopptakaren hans, mot å få søljer i byte.
Den gongen var sonen Hallvard berre fem år gammal. Han fekk med seg møtet mellom faren og dei reisande, og høyrde songane som seinare skulle bli ein viktig del av hans eige musikalske liv.
I eit essay i Dag og Tid i 2021 skildra Hallvard T. Bjørgum korleis han hugsar at Hulda og følgjet hennar kom til garden. Han fortel om korleis faren hadde sett fram bandopptakaren i verkstaden, og korleis songane etter kvart fylte rommet. Også Johannes Johansen, som reiste saman med Hulda, tok del i innspelingane.
– Å fritt kunne spele av desse innspelingane har grunnlagt og forma meg som musikar i all tid seinare, skriv Bjørgum.

«Tante Stusse» (Hulda Johansen) og Johannes Johansen fotografert påska 1961. Foto: Platehefte "Dråmen".
No er det Nora Christin Pettersen som fører songane vidare. Ho er barnebarn av «Tater-Milla», Jenny Emilie Pettersen (1886–1976), og oldebarn av «Stor-Johan», Karl Johan Algodt Løvgren Fredriksen (1844–1946). Ho har gjennom mange år arbeidd med å ta vare på og formidle romanifolkets kulturarv. I 2018 etablerte ho stiftinga Tater-Millas venner, som ho i dag leier. Ho fekk Våler kommunes kulturpris i 2024 for formidlingsarbeidet sitt.
Hulda Johansen fekk aldri eigne born. For Pettersen har det difor vore viktig å føre songarven hennar vidare. Med «Dråmen», som tyder «vegen» på romani, ønskjer ho å knyte saman sin eigen slektstradisjon med Bjørgum-slekta og markere eit nytt møte mellom dei reisande og setesdølane.
I tekstheftet til plata skriv Pettersen at ho kjenner eit moralsk ansvar for å formidle materialet vidare på ein verdig og ekte måte. Utgivinga er tileigna tante Stusse og møtet hennar med Torleiv H. Bjørgum.
Fleire av songane på «Dråmen» har røter i opptaka frå 1961. Andre er henta frå eit breiare repertoar av songar som har levd i dei reisande miljøa. Her finn ein både velkjende taterviser og mindre kjende songar, mellom anna «Ja, deg så har jag kjent», som «Tater-Milla» song i eit radiointervju i 1971.
På albumet er det òg plass til «Varulven», ei mellomalderballade som Hulda Johansen song for Torleiv Bjørgum i 1961. I den nye innspelinga blir songen innleidd og avslutta med eit arkivopptak frå den same innspelinga. Dermed møtest røystene til Hulda og Johannes Johansen med dei nye tolkingane til Pettersen og Bjørgum.
Arrangementa er gjorde av Gjermund Kolltveit og Lars Svanberg Jakobsen. Dei spenner frå reine vokalinnslag til meir samansette instrumentale arrangement, med mellom anna fele, harpeleik, mandolin og gitar. Kolltveit har også skrive ein tekst om tateranes musikk- og songtradisjon i plateheftet.
I 2000 gav Hallvard Bjørgum ut plata «Barn av den bortglemte rase», med gamle opptak av Hulda Johansen og nyinnspelingar med Elias Akselsen. Utgivinga fekk stor merksemd og var eit gjennombrot for Akselsen som artist.
På «Dråmen» er det altså Nora Pettersen som står for dei nye tolkingane av songane etter Hulda. Bjørgum har sjølv gått inn i rolla som songar, slik Johannes Johansen gjorde under opptaka i 1961.
«Dråmen» blir lansert på Riksscenen 1. oktober. Tre songar er allereie tilgjengelege på strøymetenestene, medan resten av albumet blir publisert på lanseringsdagen.
Sist oppdatert
