Folkemusikk logo
Logo

Vestlandskappleiken til Skei i helga

Fyrste helga i oktober er det klart for Vestlandskappleiken på Skei i Jølster. Utøvarar, dansarar og publikum frå heile Vestlandet samlast til tevlingar, dansespel og sosialt samvær når Grand Hotel Skei igjen vert arena for det årlege stemnet.

Jan Beitohaugen Granli frå Valdres, busett i Volda, vann Vestlandskappleiken førre gong han vart arrangert på Skei. Foto: Kjellbjørn Karsrud.

Tekst: Redaksjonen

Vestlandskappleiken 2026 går av stabelen 2. og 3. oktober, med representantmøte søndag 4. oktober. Arrangør er Sogn og Fjordane folkemusikklag, som ynskjer velkomen til to dagar med både tevlingar og dans.

Kappleiken er ei årleg mønstring for folkemusikk- og folkedansmiljøa på Vestlandet, og samlar deltakarar frå dei tre vestlandsfylka. Det vert tevla i hardingfele, fele, vokal, durspel og eldre folkemusikkinstrument, både solo og i grupper, i tillegg til bygdedans, runddans, halling og lagtevlingar.

På startlistene finn ein både unge utøvarar og røynde kappleiksdeltakarar. Laurdag står mellom anna klasse A i fele og hardingfele på programmet, med utøvarar som Alexander Aga Røynstrand, Jan Beitohaugen Granli, Arngunn Timenes Bell og Steinar Rygg.

Sjå startlistene her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kappleiken byr også på eigne tevlingar for juniorar, minikappleik for dei yngste, lagspel, lagdans og utdeling av Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris.

Etter at tevlingane er over begge dagane, vert det dansespel med ei rekkje lag og spelemenn frå ulike delar av Vestlandet.

Vestlandskappleiken vert arrangert annankvart år i Sogn og Fjordane og annankvart år i Hordaland, og er ei viktig møteplass for folkemusikk- og folkedansmiljøet på Vestlandet. I år er det Skei i Jølster som står vertskap for arrangementet, akkurat som for to år sidan, som du kan lese om i eit reisebrev i Folkemusikk 4/2024. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sjå Alexander Røynstrand spele på Vestlandskappleiken 2024 nedanfor.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024