Folkemusikk logo
Logo

Eilif Gundersen utnemnd til æresmedlem i Norsk Lur- og Bukkehornlag

Eilif Gundersen er utnemnd til æresmedlem i Norsk Lur- og Bukkehornlag (NLB). Heidersutnemninga vart kunngjord under festmiddagen i Gildehallen på Midgard vikingsenter i samband med laget sitt 30-årsjubileum sist helg.

Ny heidersmedlem i Norsk Lur- og Bukkehornlag: Eilif Gundersen har vore ein av dei mest markante utøvarane i sin sjanger i ei årrekke. Foto: Tone Wike Ødelund

Tekst: Redaksjonen

Gundersen er ein av dei fremste utøvarane her i landet på bukkehorn, lur og tradisjonelle fløyter. Han var leiar i Norsk Lur- og Bukkehornlag frå 1996 til 2006, og har gjennom fleire tiår vore ein sentral person i arbeidet med å dokumentere, vidareføre og formidle tradisjonane knytte til dei eldste norske blåseinstrumenta.

Opphavleg kjem Gundersen frå Klæbu i Trøndelag, men sidan 1989 har han vore busett på Ål i Hallingdal. Med bakgrunn som messingblåsar fekk han tidleg interesse for lur og bukkehorn, og etter kvart også seljefløyte og andre tradisjonelle gjetarinstrument.

Gjennom arbeid med eldre lydopptak, notar og nedteikningar har han vore med på å blåse nytt liv i lur- og bukkehorntradisjonen i Hallingdal. Arbeidet hans har vore viktig både som dokumentasjon og som inspirasjon for nye utøvarar.

Som musikar har Gundersen hatt ei lang rekkje oppdrag innan konsertverksemd, kulturformidling og undervisning. I fleire år underviste han ved Ole Bull Akademiet på Voss, og han har gjennom barnehage- og skulekonsertar introdusert mange born og unge for dei tradisjonelle blåseinstrumenta. Han har også medverka på ei rekkje plateinnspelingar som studiomusikar.

I 2008 gav han ut soloalbumet Sådagen, ei sjeldan soloutgjeving med lur og bukkehorn i sentrum. Sidan 2014 har han dessutan vore medlem i Wardruna.

Det er Jørn Simenstad som fortel om utnemninga i Facebook-gruppa til Norsk Lur- og Bukkehornlag. Der trekkjer han fram Gundersen sitt mangeårige arbeid som utøvar, pedagog, formidlar og organisasjonsmenneske som bakgrunn for heideren.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024