Folkemusikk logo
Logo

Statsbudsjettet: – For folkemusikken og folkedansen er biletet blanda

Dei sentrale statlege løyvingane til folkemusikk og folkedans aukar i forslaget til statsbudsjett for 2027, men auken er i hovudsak moderat. FolkOrg etterlyser sterkare prioriteringar på fleire område. Dagleg leiar i FolkOrg Aslak Brimi FolkOrg peikar på både lyspunkt og utfordringar.

Riksscena får i likskap med dei fleste store folkemusikkinstitusjonane ei moderat auke i forslaget til statsbudsjett. Foto: Kjellbjørn Karsrud.

Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Regjeringa foreslår eit kulturbudsjett på 28,1 milliardar kroner i 2027, ein auke på 946 millionar frå 2026. For folkemusikk- og folkedansfeltet er det likevel få nye, større satsingar.

– For folkemusikken og folkedansen er biletet blanda, skriv dagleg leiar i FolkOrg, Aslak Brimi, i ein første kommentar til budsjettet.

Den største enkeltståande auken på feltet kjem gjennom den nasjonale satsinga på dans. Fjelldansen, kompetansesenter for dans i Valdres, får auka løyvinga frå 705 000 til 1,41 millionar kroner. Det er ei dobling, og utgjer ein auke på 705 000 kroner.

– Fjelldansen får eit viktig løft, skriv Brimi.

Regjeringa foreslår totalt å styrkje dansefeltet med 10 millionar kroner.

Små auke til dei nasjonale folkemusikkaktørane

Fleire av dei sentrale folkemusikkinstitusjonane får moderate auke i driftstilskotet.

FolkOrg får 8,56 millionar kroner, opp frå 8,315 millionar i 2026. Norsk senter for folkemusikk og folkedans får 17,67 millionar, opp frå 17,17 millionar. Ole Bull Akademiet får 7,65 millionar, ein auke på 220 000 kroner, medan Folkemusikk Nord får 970 000 kroner, opp frå 945 000.

Riksscenen får 25,31 millionar kroner i 2027, mot 24,6 millionar i 2026. Det er ein auke på 710 000 kroner.

For FolkOrg er likevel dette mindre enn organisasjonen hadde håpa på. Brimi skriv at FolkOrg ikkje fekk gjennomslag for dei ekstra tiltaka organisasjonen hadde spelt inn, mellom anna arbeidet med å utvikle eit fond for tradisjonsutøvarar.

Dagleg leiar i FolkOrg Aslak Brimi kunne gjerne ynskje seg meir av statsbudsjettet som regjeringa no har lagt fram. Foto: Sanne Løkke/FolkOrg.

Kraftig kutt til Midtnorsk senter og NU

På den andre sida av rekneskapen står Noregs Ungdomslag og Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans. NU er kutta frå 4,15 millionar til 3,245 millionar.

Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans si løyving går frå 1,235 millionar kroner i 2026 til 655 000 kroner i forslaget for 2027 – ein reduksjon på 580 000 kroner, eller nær 47 prosent.

Brimi meiner kuttet er vanskeleg å forstå, mellom anna fordi Stortinget auka løyvinga til senteret i budsjettforhandlingane for 2026.

– Her håpar vi det finst ei forklaring vi enno ikkje har fått med oss. Om ikkje, er dette eit kutt vi meiner Stortinget bør rette opp, skriv han.

FolkOrg etterlyser også statleg støtte til Sør-Norsk folkemusikksenter på same post.

Også Musikk i Innlandet får eit bortfall av statstilskotet på ein million kroner. Midlane kom inn på post 74 etter budsjettforhandlingane i fjor, men er ikkje foreslått vidareførte i 2027. FolkOrg peikar på at verksemda også presenterer mykje folkemusikk og folkedans.

Kulturfondet veks – men ikkje nok, meiner FolkOrg

Norsk kulturfond blir styrkt frå 1,032 til 1,068 milliardar kroner, ein auke på 36 millionar. Auka inkluderer seks millionar i ei leselystsatsing. Regjeringa framhevar dette som ei av dei sentrale kulturpolitiske prioriteringane i budsjettet.

FolkOrg meiner likevel at auken i praksis berre kompenserer for kostnadsvekst. Organisasjonen er særleg oppteken av arrangørleddet, der mange små og mellomstore arrangørar er avhengige av tilskot frå Norsk kulturfond.

– 70 millionar er framleis for lite, skriv Brimi om dei regionale kulturfonda, som regjeringa foreslår å gjere til ei fast ordning.

Regionale kulturfond får 70 millionar kroner i 2027. Ordninga skal forvaltast av fylkeskommunane og skal mellom anna styrkje samspelet mellom det profesjonelle og det frivillige kulturlivet. I budsjettframlegget er det lagt opp til at Innlandet får 5,027 millionar kroner.

For folkemusikk og folkedans kan dette vere ei viktig ordning, ettersom mange prosjekt skjer i skjeringspunktet mellom frivillige lag, lokale arrangørar og profesjonelle utøvarar.

Auke i momskompensasjon

FolkOrg peikar også på at fleire norske folkemusikkutøvarar arbeider meir internasjonalt, men at reise- og eksportverkemidla ikkje nødvendigvis har halde tritt med utviklinga.

Eit anna punkt FolkOrg reagerer på, er løyvingane til studieforbunda. Tilskotet over Kultur- og likestillingsdepartementets budsjett blir redusert frå 204,82 millionar kroner i 2026 til 167,62 millionar i 2027. Det er ein nedgang på 37,2 millionar kroner.

Musikkens studieforbund er ein viktig del av opplæringsinfrastrukturen for mange lokale lag og grupper innan folkemusikk og folkedans.

– Det er ein dårleg ide å svekkje desse ordningane, skriv Brimi.

Samtidig aukar regjeringa løyvinga til momskompensasjon for frivillige organisasjonar med 171 millionar kroner, til 3,25 milliardar. Regjeringa meiner dette gir grunnlag for full kompensasjon til alle godkjende søknader i 2027.

Eit budsjett utan det store kulturløftet

Samla sett er det fleire lyspunkt for folkemusikk- og folkedansfeltet, men heller ikkje noko stort nytt statleg løft. For FolkOrg er konklusjonen derfor at det no er opp til Stortinget å gjere endringar i budsjettet.

– For folkemusikken og folkedansen er det positiv utvikling akkurat no. Rekrutteringa er god, aktiviteten er stor og interessa for feltet aukar. Det er eit momentum FolkOrg meiner kulturpolitikarane bør gripe, skriv Brimi.

Kjelde: Prop. 1 S (2026–2027), Kultur- og likestillingsdepartementet, og FolkOrg si første vurdering av budsjettframlegget. Dei konkrete løyvingane til organisasjonar og kompetansesenter står i kap. 320, post 74, medan Riksscenen står under post 75. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024