

Amalie Kinsarvik Tvilde er aktuell med debutalbumet «Kverv», der ho utforskar durspeltradisjonen med utgangspunkt i slåttar frå mellom anna Hardanger, Voss, Helgeland, Valdres og Røros.

Amalie Kinsarvik Tvilde platedebuterer i dag. Foto: Balthasar Huss.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
For tre år sidan vart Amalie Kinsarvik Tvilde den fyrste durspelaren som tok bachelor i utøving ved Noregs musikkhøgskule. 9. oktober kjem debutalbumet hennar, «Kverv».
Albumet er ei soloinnspeling der Kinsarvik Tvilde tek utgangspunkt i durspeltradisjonen ho har lært gjennom læremeistrar som Annette Thorsheim, Tom Willy Rustad, Leif Ingvar Ranøien og Hilde Fjerdingøy.
Repertoaret inneheld både slåttar ho sjølv har overført frå hardingfele til durspel, og stoff ho har fått gjennom tradisjonslinja. Mellom slåttane finn ein materiale frå eit stort geografisk område, frå Hardanger og Voss til Helgeland og Røros.

Foto: Balthasar Huss.
På utgjevinga står instrumentet i fokus. Kinsarvik Tvilde utforskar ulike uttrykk på durspel, frå det sarte og enkle til det kraftfulle og dramatiske.
«Pols fra norra Røros» og «Den femte årstid» viser to ulike sider av instrumentet og uttrykket på plata.
Tradisjonslinja er også sentral. Gjennom fleire år har Kinsarvik Tvilde lært slåttar som er overførte og arrangerte av læremeistrane hennar. Det er med på å gi albumet eit repertoar med stor geografisk spreiing.
«Drevjapols» frå Helgeland og «Jørn Hilme» frå Valdres er to døme på dette.
Nokre av slåttane er også Kinsarvik Tvilde sine eigne utformingar av slåttar frå heimtraktene. Det får ein mellom anna høyre på fyrste sporet, «Marta Onstad».
«Kverv» kjem ut 9. oktober.
Sist oppdatert
