

No i helga gav pianisten Ingfrid Breie Nyhus ut si tredje Slåttepiano-plate, denne gongen inspirert av folkemusikk frå Hallingdal.

Ingfrid Breie Nyhus kom nyleg ut med si tredje plate der ho utforskar slåttespel på piano. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard.
Tekst: Pressemelding
Ingfrid Breie Nyhus har i fleire år markert seg med ein pianomusikk der tradisjonell hardingfelemusikk møter pianoet si klangverd. Inspirert av den gamle ombyggingstradisjonen i slåttemusikken, der spelemennene forma om slåttar frå gong til gong eller laga sine eigne variantar, har ho freista å finne fram til pianoimprovisasjonar som er omformingar og forflytningar av slåttemusikk.
Den første Slåttepiano-plata kom ut i 2015 og bygde på Telemarksslåttar, medan den andre plata handla om rammeslåttar frå Setesdal.
Med musikken på det nye albumet "Silkegul - Slåttepiano III" har ho fordjupa seg i tradisjonsmusikken i Hallingdal. Ho er sjølv halvt åling. Slåttar og stev som Sylkjegulen, Asle Myro, Stundo e mi kjering so go', Fanitullen og fleire har blitt til nye variantar på flygelet.
Breie Nyhus leikar seg òg med dei heilt andre musikalske assosiasjonane som dukkar opp når folkemusikken møter pianoet, som kan spenne seg frå jazz og minimalisme til raga. Albumet er gitt ut både som vinylplate og på strømmeplattformar.
Sist oppdatert
