Folkemusikk logo
Logo

Kort veg frå kurs til kappleik i Trøndelag

Trøndelag folkemusikklag og TrønderFolk går i helga saman om to store arrangement når kurset Høstfest og fylkeskappleiken blir arrangert samtidig. Eit slikt samarbeid er det mange fordelar med, seier fylkeslagsleiar Linda Loktu.

Spelemannslaget Laust & fast med leiar Sturla Eide. Foto: Thomas Westling/FolkOrg

Mange ungdommar skal delta på Høstfest og Trøndelagskappleiken i helga. Her illustrert ved Spelemannslaget Laust & fast, der Sturla Eide er leiar. Foto: Thomas Westling/FolkOrg

Tekst: Johanne Flottorp

I helga skal små og store fylle eit skule i Hovet i Ålen og vere med på kurshelg og Trøndelagskappleiken.

Trøndelag folkemusikklag står som arrangør av kappleiken, medan TrønderFolk står som arrangør av Høstfest, eit kurs som går over fleire dagar og tilbyr undervising i dans og spel på ulike nivå.

Det er fjerde gongen dei to arrangementa er samlokaliserte, og det er det mange fordelar med, seier Linda Loktu, som er leiar i Trøndelag folkemusikklag.

– TrønderFolk er eit rekrutteringsprosjekt i fylket, og samkøyringa betyr at vegen til deltaking på kappleik er kort for ungdommane som deltek på kurs denne helga. Håpet er at me gjev dei yngste ein «ufarleg» kappleiksarena å øve seg på før deltaking på Landskappleiken, seier ho.

Elevane på kurset møter opp fredag kveld, medan sjølve kappleiken først startar laurdag ettermiddag. Denne sklir så over i dansefest.

Trøndelag folkemusikklag har arrangert Trøndelagskappleiken sidan 1995, og Loktu fortel at dei ser ei stadig aukande interesse. I år er det omlag 100 unike deltakarar påmeldt, i alderen 12 til 88 år.

Linda Loktu seier at det skjer mykje spennande i folkemusikk- og folkedansmiljøet i Trøndelag for tida, og at dei som elles i landet opplever ei bløming som trekkjer særleg dei yngste inn i miljøet.

– TrønderFolk er ein viktig pådrivar for organisert og aktivt rekrutteringsarbeid på tvers av fylket. At også kulturskular i fylket er involvert er eit teikn på at folkemusikken og folkedansen blir tatt på alvor. Det gjev innpass for tradisjonsmaterialet i ei tid med eit mildt sagt samansett kulturbilde, seier ho.

Meir informasjon om Trøndelagskappleiken finn du her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024