

Neste nummer av Folkemusikk er like om hjørnet, så det er ikkje lenge før abonnentar kan ta seg ein målretta tur bort i postkassa. Les meir om innhaldet i Folkemusikk 4/2026 her. Her finn du også informasjon om korleis du kan få kjøpt dette nummeret i laussal og/eller bli fast abonnent av magasinet.

Les portrett av Brigitte Blomlie og mykje meir i komande nummer av Folkemusikk.
Du kan tinge abonnement av Folkemusikk her. Lenke til et annet nettsted. Du vil få ettersendt dette nummeret og Folkemusikk 1/2026, Lenke til et annet nettsted.Folkemusikk 2/2026 Lenke til et annet nettsted. og Folkemusikk 3/2026 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. om du tingar abonnement no.
Tidlegare utgåver av Folkemusikk kan kjøpast på Tekstallmenningen. Lenke til et annet nettsted.
Forstørr bildetTrykk på bildet for å zoome.
I denne utgåva av Folkemusikk møter lesaren folkedansaren Brigitte Halldis Blomlie, som har etablert seg som ein av dei mest markante scenekunstnarane innan folkedansen. Ho fortel om valet om å satse fullt på dansen, om arbeidet med sterke og personlege framsyningar, og om korleis folkedans kan nyttast til å utforske store menneskelege tema.

Vi får også møte bogemakaren Niels Jørgen Røine, ein av dei fremste handverkarane på sitt felt. Portrettet gir eit fascinerande innblikk i eit sjeldan yrke der presisjon, materialkunnskap og musikalsk forståing går hand i hand.
Bladet markerer også 150-årsjubileet for den legendariske nordmørsspelemannen Hallvard Ørsal. Gjennom ein fyldig fagartikkel får vi innblikk i livet, musikken og spelestilen til mannen som har inspirert generasjonar av spelemenn langt utanfor heimbygda si.

Med utgangspunkt i eit konsertføredrag av Susanne Lundeng, Nordlandspols på 100 minutt, blir lesaren med på ei reise gjennom nordnorsk folkemusikkhistorie, der gamle spelemenn, sjeldne arkivfunn og lokale tradisjonar blir løfta fram.

Festivalsommaren står sentralt i dette nummeret. Gjennom reportasjar og intervju får lesaren møte artistar, arrangørar og deltakarar frå mellom anna Telemarkfestivalen, Jørn Hilme-stemnet, Kalottspel, den nye Aalesund Folk Festival, nysatsinga FolloFOLK i Drøbak, ungdomskurset UngFolk i Bø og det internasjonale felekurset til The Nordic Fiddlers Bloc i Seljord.

I tillegg rommar bladet ei rekkje andre spennande saker: eit møte med den svenske felemakaren Peder Källman, historia om ei islandsk notebok som kastar nytt lys over ein gløymd folkemusikktradisjon, eit portrett av strykelyrespelaren Helena Wright, eit intervju med Anette Torsheim om hennar doktorgradsarbeid på toradar, og eit tilbakeblikk på den populære gamaldanskomponisten Oluf Melvold.

Lesarane får også siste del i serien om hallingdansens utvikling i Valdres, ein artikkel om tidlege filmopptak av folkedans frå Numedal, plateomtalar, kulturhistoriske glimt og aktuelt stoff frå heile folkemusikkfeltet.
Sist oppdatert
