Folkemusikk logo
Logo

Nytt opplag av Myllarguten-boka

For fire år sidan gav Annfrid Berget Haukeland ut ei bok om Myllarguten. Førsteopplaget på 1500 bøker er no utselt, og forlaget har akkurat fått opplag nummer to i hus.

Annfrid Berget Haukeland heime i Heddal i samband med boklanseringa i 2022. Foto: Johanne Flottorp

Annfrid Berget Haukeland heime i Heddal rett før boklanseringa i 2022. Foto: Johanne Flottorp

Tekst: Johanne Flottorp

– Det starta i vår, då eg ville bestille fleire bøker sjølv frå Dreyer forlag. Men då var dei utsolgt, fortel Haukeland.

Etter dette blei det snakk om å bestille eit nytt opplag.

– Eg er veldig glad for at boka blei trykt opp igjen. Då fekk eg også moglegheit til å rette opp nokre småfeil og faktafeil som hadde snike seg inn, seier ho.

No er bøkene på plass på forlagssentralen, og forfattaren har sjølv fått ein del heim.

Det nye opplaget er på 500 bøker. Boka er omfangsrik, med mange bilde, så det er ei kostbar bok å trykke opp, fortel ho.

Tilbakemeldingane på boka har vore gode, og Haukeland har opplevd stor interesse for biografien.

– Eg er spesielt glad for at den blei antatt av Kulturrådet, får då kom den inn på alle offentlege bibliotek, og det har betydd ein god del, seier ho.

Fleire store aviser, som Dagbladet, Vårt Land og Dagens Næringsliv meldte boka i papirutgåvene sine, og alle desse tre gav boka terningkast fem.

Det nye opplaget av Myllarguten. Foto: Annfrid Berget Haukeland

Det nye opplaget av Myllarguten. Foto: Annfrid Berget Haukeland

 Sjølv har Haukeland også stått på for å selge boka, og kvart år har ho hatt den med seg til Dyrsku’n i Seljord. Ho har også vore på mange andre arrangement, mellom anna saman med Knut Buen. Dei har hatt fleire boksigneringar der dei også sel boka Skaparhug, som Haukeland og Buen har skrive saman.

For tida fartar Annfrid Berget Haukeland rund til forhandlarar med bøker og informerer om at det nye opplaget har kome. Men ho går også med eit sterkt ønske om å få omsett boka om Myllarguten til engelsk.

– Det er draumen min nå. Eg har møtt mange amerikanske turistar, som har familie som har utvandra frå Noreg. Det er eit stort miljø i delar av Amerika der dei er veldig opptekne av folkemusikk, rosemåling og all tradisjonen etter slekta i Noreg, fortel ho.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024