Folkemusikk logo
Logo

Kristine Tjøgersen og Benedicte Maurseth vann Nordisk råds musikkpris

Dei norske komponistane Kristine Tjøgersen og Benedicte Maurseth får Nordisk råds musikkpris 2026 for Elja, ein suite for Kronos-kvartetten og hardingfele.

Fotografar: Rui Camilo, Agnete Brun.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Elja Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. sameinar folkemusikktradisjon, samtidsmusikk og eit økologisk perspektiv. Verket er skrive for Kronos-kvartetten og ei spesialbygd instrumentfamilie med hardingfele, hardingbratsj og hardingcello, laga av instrumentmakar Ottar Kåsa. Benedicte Maurseth er solist.

I grunngjevinga si framhevar juryen korleis komponistane tek utgangspunkt i dei opne landskapa på Hardangervidda for å skape ei samanhengande lydverd der fuglar, dyr, vêr og store avstandar blir musikalske rørsler og tilstandar.

«Her framstår ikke naturen som et tema som skal skildres, men som et ømtålig økosystem der alt henger sammen – og musikken bærer en stille bevissthet om det som står i fare for å gå tapt», skriv juryen.

Hardingfeletradisjon møter samtidsmusikk

Instrumenta i Elja har understrenger, alternative stemmingar og eit rikt overtoneregister. Det skaper nye klanglege moglegheiter, samstundes som tonearven frå hardingfeletradisjonen står sentralt.

Juryen legg vekt på møtet mellom Maurseth, som har røter i ein levande, munnleg tradisjon, og Tjøgersen, som har ei utforskande tilnærming til lyd. Dette møtet har ifølgje juryen resultert i eit uttrykk som er «poetisk, rikt detaljert og lydmessig dristig».

Vidare meiner juryen at Elja viser korleis samarbeid mellom ulike kunstnarlege praksisar kan utvide både instrumenta, tradisjonen og samtidsmusikken.

«Med sin kunstneriske originalitet, sitt dype engasjement i naturen og sitt internasjonale nedslag framstår verket som et betydningsfullt bidrag til vår tids musikk», heiter det i grunngjevinga.

Urframført i New York

Elja vart tinga av Kronos-kvartetten og Carnegie Hall og urframført i New York i mars 2025. Framføringa markerte eit internasjonalt gjennombrot for dei to norske komponistane.

Juryen trekkjer særleg fram det økologiske perspektivet i verket og korleis musikken inviterer til refleksjon over mennesket sin plass i naturen. I grunngjevinga heiter det at verket «innbyr til dyp lytting og refleksjon over menneskets plass i det større økologiske fellesskapet».

Les meir om Elja i denne saka som stod på trykk i Folkemusikk 4/2025. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024