Folkemusikk logo
Logo

Desse er nominerte til Folkelarmprisen 2026

Helga Myhr, Håkon Høgemo, Gabba og ei rekkje andre artistar og aktørar er nominerte til Folkelarmprisen 2026. Prisane blir delte ut på Riksscenen i Oslo 21. november, og i år er folkedansen løfta fram med fleire eigne kategoriar.

Helga Myhr er blant dei nominerte som kan vinne pris under Folkelarm i november. Foto: Kjellbjørn Karsrud.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen.

Folkelarmprisen har vore ein del av showcasefestivalen Folkelarm sidan 2005. Prisen løftar fram utgjevingar, kunstnariske produksjonar og aktørar som har bidrege til å utvikle og synleggjere folkemusikken og folkedansen gjennom året.

I 2026 blir det delt ut prisar i tolv kategoriar. Fem av dei gjeld utgjevingar, medan dei andre omfattar sceneproduksjonar, visuelle uttrykk, arrangørverksemd, dans og aktørar i bransjen.

– Årets påmelding til Folkelarmprisene viser en imponerende bredde og høy kunstnerisk kvalitet. Det er inspirerende å se hvor mye spennende som skjer i folkemusikkfeltet, og konkurransen om nominasjonene har vært tøff. Det er spesielt gledelig at vi har fått på plass flere priser som løfter folkedansfeltet, skriv prosjektleiar for Folkelarm og Folkelarmprisen, Ann Helen Erichsen i ei pressemelding.

Album og dokumentasjon

I albumkategoriane er det nominert utgjevingar innan solo, samspel, dansespel og open klasse. I tillegg blir det delt ut pris for årets dokumentasjon.

Årets album – solo

  • Helga Myhr – Slåttespel (Motvind Records)
  • Håvard Svendsrud – Erindringer (Aksent)
  • Veronica Akselsen – Arven (Akselsen Music)

Veronica Akselsen er blant dei nominerte til Folkelarmprisen. Foto: Multiportrett.

Årets album – samspel

  • Håkon Høgemo og Erlend Viken – Aordal (NYE NOR)
  • Håkon Høgemo og Tom Karlsrud – Ost å brø (Etnisk Musikkklubb)
  • Nortopia – Nortopia (Melovitten)

Årets album – dansespel

  • Berglund og Bjørdal mfl. – Hivaren (Melovitten)
  • Gjevre, Odde og Vårdal – Horisont (ta)
  • SKROT – Steg (Melovitten)

Hivaren er nominert i kategorien beste dansespel. Foto: Thor Hauknes.

Årets album – open klasse

  • Anders Hefre og Johanne Flottorp – Som lindi bere lauv (ta)
  • Gabba – SMETÁNIÁ (Drengstua Records)
  • Kenneth Lien og Center of the Universe – Norwegian Electronic Folk Music (Grappa Musikkforlag/Heilo)
  • Sigrid Moldestad, Esbjörn Hazelius og Johan Hedin – Vinternatt (ta)
  • Sudan Dudan – Mørke refrenger (ta)

Årets dokumentasjon

  • Håvard Svendsrud Ensemble – Danser i gammel stil av Oluf Melvold (Aksent)
  • Knut og Johannes Dahle – Rikard Berge – Phonograph Cylinder 1–171 (1912–1916) (ta)
  • Per Bolstad – Tradisjonsbæreren og slåttekomponisten (Aksent)

Sceneproduksjonar for store og små

Tre produksjonar er nominerte i kvar av dei to kategoriane for scenekunst. Den eine gjeld konsertar og framsyningar, den andre produksjonar retta mot barn og unge.

Årets produksjon – konsert eller framsyning

  • Taus – Brigitte Blomlie, Silje Risdal Liahagen, Thomas Eriksson og Sondre Meisfjord. Kunstnarleg leiing: Silje Onstad Hålien.
  • Førespel – Gro Marie Svidal, i samarbeid med Ingrid Askvik, Mattias Askvik og Osafestivalen 2025.
  • Hex Liminal – Mamelukk og Hekate, skapt i samarbeid med Ida Anderson og Fridtjof Lindeman. Kunstnarleg leiing: Silje Onstad Hålien.

Taus er nominert til Folkelarmprisen. Foto: Kristin Opdan.

Årets produksjon for barn og unge

  • Klubb Dagdrønn – Dina Konradsen, Tone Ingvaldsen og Jo Einar S. Jansen.
  • Er heime der du bur? – Margit Myhr og Silje Risdal Liahagen, med manus av Sigmund Løvåsen og i samarbeid med Riksscena og Sprang.
  • Tvillinglyrene – Silje Onstad Hålien og Martin Steinum Brun, i samarbeid med Den kulturelle skulesekken i Akershus og Buskerud.

Visuelle uttrykk og arrangørverksemd

Folkelarmprisen heidrar òg arbeidet bak det visuelle uttrykket på utgjevingar og arrangørar som legg til rette for møte med folkemusikken.

Årets visuelle uttrykk

  • Henriette Robertson og Espen Eilertsen/Tank Design – grafisk design og visuell profil på albumet Heimført av Hekla Stålstrenga.
  • Knut Utler – fotografi av Gro Marie Svidal frå Osafestivalen 2025.
  • Mette Vårdal – grafisk design og visuell profil på albumet Uventa av Vegar Vårdal.

Årets arrangør – program eller konsept

  • Osafestivalen – programmet i 2025.
  • Rudi Gard – Nygaardsfestivalen 2025.
  • Sivert Holmen – vandreturnéen sin.

Sivert Holmen på tur i fotefora til Jørn Hilme. Foto: Kjellbjørn Karsrud.

Fire nominasjonar innan folkedans

Folkedansen har fått ein tydeleg plass i årets prisutdeling. I kategorien Årets dans er fire aktørar og tiltak nominerte.

Årets dans

  • Folkemølje – arrangør av kræsjkurs i dans før klubbkveldane sine.
  • Kartellet – framsyninga An dran uten drakt.
  • Siri Strige, Anette Johansen og Birgitte Rørvik Bruun – arbeidet med den nordnorske folkedansen.
  • Svalbard-dansen – med Polarleik og Silje Onstad Hålien.

To prisar utan førehandsnominasjonar

I kategoriane Årets bransjeaktør og Årets artist blir det ikkje offentleggjort nominerte på førehand. Vinnarane blir presenterte under prisutdelinga.

Det same gjeld Årets unge artist, som går til vinnaren av Introfolk, FolkOrgs mentor- og utviklingsprogram for unge musikarar og dansarar.

Prisutdelinga finn stad på Riksscenen i Oslo laurdag 21. november. Ho blir leia av folkemusikaren Synnøve Brøndbo Plassen og folkedansaren Torkjell Lunde Børsheim, og programmet omfattar òg kunstnarlege innslag frå scena.

Meir informasjon finst på Folkelarm.no Lenke til et annet nettsted..

Juryen til Folkelarmprisen 2026 har vore:

Sigrid Randers Pehrson
Torun Raftevold Rue
Bjørnar Blaavarp Heimdal
Ronny Kjøsen
Trygve Liahagen

Trygve Liahagen og Bjørnar Blaavarp Heimdal meldte seg inhabil i behandling av to kategoriar, og Asgaut Bakkjen og Solveig Hauknes Brekke gjekk inn i juryen

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024