Folkemusikk logo
Logo

Tre artistar til finalen i Introfolk 2026

Hannah Moira og Ivar, Magnhild Garnås Haugen og Sindre Tronrud er vidare til finalen i FolkOrg sitt mentor- og lanseringsprogram Introfolk. Finalen går av stabelen under Folkelarm i november, der ein av dei tre blir kåra til Årets unge artist 2026.

Finalistar: Hannah Moira og Ivar Foto: Thomas Westling, Magnhild Garnås Haugen Foto: Knut Utler, Sindre Tronrud Foto: Isa Holmgren.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen.

Seks unge artistar deltok på Introfolk-konserten under opningsdagen på Osafestivalen på Voss torsdag 22. oktober. Etter konserten valde juryen ut tre finalistane som går vidare til finalen under Folkelarm i Oslo.

Finalistane er duoen Hannah Moira og Ivar, folkesongaren Magnhild Garnås Haugen frå Hjartdal og hardingfele- og felespelaren Sindre Tronrud frå Valdres.

Juryen for konserten bestod av Johanna Seim, Rannveig Øygardslia og Sivert Holmen. I ei oppsummering takkar juryen alle dei seks deltakarane for konsertane dei leverte.

– Det var ein særs vanskeleg jobb å skulle prioritere blant så ulike og dyktige unge tradisjonskunstnarar, skriv juryen, som trekkjer fram den kunstnarlege kvaliteten og evna utøvarane hadde til å fylle scenerommet.

Tre ulike musikalske uttrykk

Hannah Moira Midtbø-Bruner frå Osterøy og Ivar Blekastad Haugen frå Malm utgjer ein duo med fele, hardingfele og trekkspel. Dei arbeider med nykomponert folkemusikk, med vekt på samspel, arrangement og dansedriv. Duoen løftar òg fram slåttar som er mindre i bruk i dag, og arbeider med komposisjonar frå seg sjølve, familie og vener. Dei debuterte som duo under Landsfestivalen i 2025.

Magnhild Garnås Haugen er folkesongar frå Hjartdal i Telemark. Ho har lært å kvede i heimen sidan barndommen og studerer utøvande folkemusikk ved Noregs musikkhøgskole. Ved sida av arbeidet som soloutøvar og frilanspedagog opptrer ho i ulike grupper og ensemble. Repertoaret hennar omfattar både tradisjonelt og nyare materiale, og ho arbeider mellom anna med å overføre slåttar frå hardingfele til vokal.

Sindre Tronrud er hardingfele- og felespelar frå Valdres, busett i Oslo. Han tek utgangspunkt i folkemusikktradisjonen frå heimtraktene og utforskar og vidareutviklar slåttematerialet i arbeidet sitt. I soloprogrammet sitt løftar han fram slåttar, slåttetypar og forteljingar frå Valdres.

Finale under Folkelarm

Introfolk-finalen blir arrangert torsdag 19. november som ein del av opninga av Folkelarm 2026. Vinnaren blir offentleggjord under Folkelarmprisutdelinga laurdag 21. november.

Årets unge artist får ein konsert- og festivalturné i Noreg i 2027, i tillegg til eit mentorprogram tilpassa eigne ønskje og behov. Programmet kan mellom anna omfatte møte med bransjeaktørar, nettverksbygging og kunstnarleg utvikling.

Introfolk er eit mentor- og utviklingsprogram i regi av FolkOrg for unge musikarar og dansarar. Målet er å styrkje norsk og samisk folkemusikk og folkedans og bidra til utviklinga av utøvarar som er i starten av karrieren.

Programmet blir arrangert annakvart år. Tidlegare vinnarar er mellom andre Majorstuen, Benedicte Maurseth, Erlend Viken, Odde & Holmen, Sigrid Stubsveen, Eir Vatn Strøm og Martin Steinum Brun.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024